Valstyret

Klikk for stort bilete I kvar kommune skal det vere eit valstyre som er ansvarleg for å gjennomføre val til Stortinget, fylkestinget og kommunestyret. I tillegg er valstyret i Gloppen også ansvarlege for gjennomføring av eventuelle folkeavrøystingar.
 

I Gloppen er det lang tradisjon for at valstyret er sett saman av medlemer frå formannskapet. I perioden 2019-2023 er valstyret sett saman av formannskapet og gruppeleiarane frå dei partia som ikkje er representerte i formannskapet. Ordføraren er leiar i valstyret.

Sekretær for valstyret er leiar for servicetorget Siv Kvalsvik Haugen.

Valstyret i 2019-2023

- Leidulf Gloppestad (Sp), leiar
- Per Jarle Myklebust (Sp), nestleiar
- Magni Aa Berge (Sp)
- Solveig Lien Gusdal (Sp)
- Arnar Kvernevik (Ap)
- Katrine Anita Heggelund  (SV)
- Mariel Eikeset Koren (MDG)
- Svein-Ottar Sandal (KrF)
- Beate Dybendal Nordvik (H)
- Bjarte Gangeskar (V)
- Gunnvor Sunde (UAH)