Ordføraren

Klikk for stort bilete Siv K. Haugen Ordføraren er kommunen sin øvste folkevalde leiar. Han blir valt av kommunestyret sjølv på første kommunestyremøtet etter kvart val.

Ordføraren i Gloppen er no Leidulf Gloppestad frå Senterpartiet. Han har vore ordførar i kommunen sidan valet i 2015.

Ordføraren er leiar av kommunestyret og formannskapet. Kommunestyret kan legge spesielle oppgåver og fullmakter til ordføraren.

I Gloppen har ordføraren etter sitt reglement eit spesielt ansvar for desse saksområda:
- marknadsføring av kommunen
- veg- og samferdslesaker
- nærings- og ressurssaker.

Ordføraren har kontor i tredje etasje på Gloppen heradshus.

Mobil: 977 86 989.
Ordføraren si e-postadresse er: leidulf.gloppestad@gloppen.kommune.no



Desse har vore ordføraren i Gloppen eller kommunesamanslåinga i 1964:

Ordførarar i Gloppen etter 1964
Periode Ordførar Parti
2015 - Leidulf Gloppestad Senterpartiet
1999 - 2015 Anders Ryssdal Senterpartiet
1988 - 1998 Nils R. Sandal Senterpartiet
1976 - 1987 Olav Moritsgård Senterpartiet
1968 - 1975 Ola M. Hestenes Senterpartiet
1964 - 1967 Johnny Bakke Venstre