Vi ber dei folkevalde, både faste medlemmar og vara om å halde dei oppsette møtedagene ledige, og i utgangspunktet ikkje legge feriar eller andre planar til dei aktuelle møtedagane.
Arbeidstakarar har krav på fri frå jobb for å fylle møteplikta.
Gyldig forfall
Om ein vert forhindra av sjukdom- eller velferdsgrunnar. Situasjonar som kan føre til at ein kan forsømme viktige eller uoppsettelige forretningar eller plikter, deltaking i møter i andre offentlege organ og reiser i samband med jobb.
Ugyldig forfall
Ugyldig forfall vil for eksempel vere private reiser og ærend, avvikling av ferie, arbeid (med mindre det føreligg helt spesielle grunnar).
Meld i frå
Hvis du ikkje kan stille på møtet skal du melde gyldig forfall med begrunning til servicetorget så raskt som mulig. Denne skal du helst registrere direkte i møteportalen, eller du kan sende melding på e-post servicetorget@gloppen.kommune.no, eller ring til 57 88 38 00.
Melder du forfall tett opp til møtetidspunktet (eit døgn) - må du ringe!
Servicetorget kallar inn vara!
Det same gjeld forfall i ein eller fleire saker pga. inhabilitet.