Slik søkjer du skjenkeløyve

Søknad om skjenkeløyve skal sendast den kommunen der skjenkestaden ligg.

Søknaden skal innehalde:

  • Namn og adresse på løyvehavar (eigar/dagleg leiar)
  • Adresse/lokalisering av serverings-/skjenkestaden
  • Namn og adresse på styrar og varastyrar
  • Dokumentasjon på at styrar har bestått etablerarprøva
  • Dokumentasjon på at styrar og varastyrar har bestått  kunnskapsprøva
  • Skatteattest for løyvehavar  
  • Serveringslokalet/a må vere registrert hos Mattilsynet     

Søknadsskjema finn du på skjema/sjølvbetjening.

Send eventuelle vedlegg pr post til:
Gloppen kommune
Grandavegn 9
6823 Sandane