Meir informasjon om skjenkeløyve

Søknad om fast skjenkeløyve må opp til politisk behandling, først i helse og omsorgsutvalet og så til vedtak i formannskapet. Sjå politisk møteplan!

Søk derfor i god tid - Søknadsfrist er seinast 4 veker før møtet!

Det er kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan som regulerer kommunen sin løyvepolitikk. Planen gjeld for perioden fram til 1. juli 2019.

Etter planen kan det tildelast følgjande løyve:

  • Skjenkeløyve for øl og vin
  • Skjenkeløyve for brennevin.


I planen er det ikkje sett noko tak på talet på løyve i kommunen.

Skjenkeløyve for øl og vin kan tildelast:

1. Overnattingsstader, definert som hotell, motell og pensjonat.
2. Serveringsstad med eige kjøkken
3. Diskotek og pubar
4. Utandørs serveringsareal, dersom arealet er klart avgrensa og ligg i naturleg tilknyting til skjenkearealet innandørs
5. Selskapslokale
6. Helse- og omsorgsinstitusjonar
7. Den eller dei som har tilverkingsløyve

Skjenkeløyve for brennevin kan tildelast:

1. Overnattingsstader definert som hotell, motell og pensjonat. Overnattingsstaden skal ha;
- rom med dusj/bad og toalett
- resepsjonsservice
- serveringslokale
- salongareal med god standard
2. Restaurant, serveringsstad og pub
3. Slutta lag ved enkelte høve (ambulerande løyve)

For å få tildelt sals- og skjenkeløyve må i tillegg desse vilkåra oppfyllast:

1. Politiet må ikkje ha merknader til søkjaren sin vandel, dersom tilhøvet har noko med alkolhollova å gjere, eller anna lovgjeving som har samanheng med formålet i alkohollova.
2. Søkjaren må ikkje ha uoppgjorte skatte- og avgiftsrestansar.
3. Verksemda må ha godkjent serveringsløyve og vere godkjent av Mattilsynet
4. For å ta i bruk tildelt løyve, må skjenkestyrar og varastyrar ha greidd kunnskapsprøva etter alkohollova.

Sjå elles § 1-7b og 1-7c i alkohollova om krav til vandel og greidd kunnskapsprøve.

Pris for kunnskapsprøva i alkohollova - skjenkeløyve, sjå servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.