Kunnskapsprøva

Før du kan søkje om fast skjenkeløyve må du ha eit serveringsløyve. Når serveringsløyvet er på plass må to personar ved serveringsverksemda ta kunnskapsprøva i alkohollova - skjenkeløyve. Prøva må vere fullført og bestått.

Ring Gloppen kommune sitt servicetorg - 57 88 38 00 - for å avtale tid for å ta prøva.

Lærebøker/nettbaserte testar kan du kjøpe på vinn.no.

Meir informasjon om kunnskapsprøva finn du også på helsedirektoratet.no.

Du har lov å bruke  ordbok under prøva. Det er ei elektronisk fleirvalsprøve. Tida er 60 minutt og du må ha bestått 24 av 30 spørsmål for å få godkjent prøve. Du kan ta prøva på nytt heilt til du består, men der vert eit gebyr for kvar prøve du tek.

Alle som har bestått får prøvebevis på dette. Du må ta godt vare på beviset då det er din dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset gjeld på ubestemt tid.