Slik søkjer du serveringsløyve

Søknad om serveringsløyve skal sendast den kommunen der serveringsstaden ligg.

Søknaden skal innehalde:

  • Namn og adresse på løyvehavar (eigar/dagleg leiar)
  • Adresse/lokalisering av serveringsstaden
  • Namn og adresse på styrar og varastyrar
  • Dokumentasjon på at styrar har gjennomført etablerarprøva
  • Skatteattest for løyvehavar 
  • Serveringslokalet/a må vere registrert hos Mattilsynet     

Søknadsskjema finn du på skjema/sjølvbetjning.

Send eventuelle vedlegg pr post til:
Gloppen kommune
Grandavegn 9
6823 Sandane

Serveringsløyve blir i Gloppen gjeve av rådmannen.

Dei som søkjer om, eller har serveringsløyve, må etter § 6 serveringslova mellom anna ha "utvist uklanderlig vandel i forhold til straffelovgivningen, skatte- og avgiftslovgivningen, regnskapslovgivningen, lov om forbud mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion mv."

OBS! Serveringsløyve må ikkje forvekslast med skjenkeløyve, som gjeld løyve til sal og skjenking av alkohol. Slikt løyve må det søkjast om særskild!