Meir informasjon om salsløyve

Vil du selje alkoholhaldig drikkevare i butikk, må du ha løyve til dette frå kommunen. Du må søke i god tid før oppstart av ny verksemd sidan søknaden skal opp til polistisk behandling! Søknadsfrist er seinast 4 veker før polistisk behandling!

I Gloppen skal søkad om løyve først til behandling i helse og omsorgsutvalet før det ordinære løyve blir gjeve av formannskapet. Salsløyve gjeld for drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Dei som kan få salsløyve er:
 

  • Daglegvareforretningar
  • Øl- og mineralvatnutsal
  • Bryggeriutsal

Bensinstasjonar og kioskar kan til dømes ikkje få salsløyve.

Det er kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan som regulerer kommunen sin løyvepolitikk. Planen gjeld for perioden fram til 1. juli 2019.

For å få tildelt salsløyve må i tillegg desse vilkåra oppfyllast:

  • Politiet må ikkje ha merknader til søkjaren sin vandel, dersom tilhøvet har noko med alkolhollova å gjere, eller anna lovgjeving som har samanheng med formålet i alkohollova.
  • Søkjaren må ikkje ha uoppgjorte skatte- og avgiftsrestansar.
  • Løyvet vert gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drift av butikken eller utsalet.
  • Søknaden må innehalde opplysningar om butikken/utsalet, eigarforhold og kven som er styrar og varastyrar.
  • For å ta i bruk tildelt løyve, må styrar og varastyrar ha greidd kunnskapsprøva etter alkohollova.
     

Sjå elles § 1-7b i alkohollova om krav til vandel.

Elektronisk skjema finn du på sjølvbetjening/skjema under løyve til servering, sal og skjenk!

Pris for kunnskapsprøva i alkohollova - salsløyve, sjå servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.

Slik søkjer du salsløyve.