Skjenkeløyve enkelthøve/ambulerande

Løyve for eit enkelt høve

Løyve kan også gjevast for eit enkelt høve som til dømes bygdakvelder og revyar som er opne for alle. Slikt løyve kan berre omfatte øl og vin. Her er det ikkje krav om at laget skal vere slutta.

Du kan søke eletronisk her - skjemaet heiter skjenkeløyve enkelthøve/ambulerande, og ligg under kategorien "Løyve til sal, skjenk og servering". Midtvegs i skjemaet markerer du kva for type løyve du søkjer om.

NB! Søknadsfrist for skjenkeløyve enkelthøve og ambulerande løyve er seinast 2 veker før arrangementet finn stad!

Sjå pris for løyvet i servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.

Ambulerande løyve

Kommunen har to ambulerande løyve, som rådmannen tildeler. Ambulerande løyve kan berre gjevast til såkalla slutta lag (med påmelding/invitasjon - når ein tek betalt for alkohol), altså ikkje til opne arrangement. Løyvet kan omfatte både øl, vin og brennevin.