Fjordtun

Kommunen jobbar med å sjå på området på Øyrane på nytt. Dette sjølv om ein nettopp har vedteke ny reguleringsplan.

Det er kome til nye opplysningar som kan gjere at ein ser føre seg ei anna utnytting av området, som ikkje vert støtta av den vedtekne reguleringsplanen. For å starte prosessen er det utarbeida ei skisse som viser alternativ bruk av området. Dette er kun ei skisse og er på ingen måte vedteken.

Arbeidet med ny reguleringsplan vil pågå i 2017-2018.

Har du innspel i saka, ta gjerne kontakt med næringsjef Knut Roger Nesdal

 

 

Klikk for stort bilete