Sel du tobakk?

Alle som sel tobakksvarer skal vere registrert i tobakkssalsregisteret og betale tilsynsavgift.

Registrering i tobakksalsregisteret

  • Du må registrere deg i tobakksalsregisteret (både salsstader og grossistar)
  • Gjeld også sal av e-sigarettar, gjenoppfyllingsbehaldarar, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogatar
  • Er du ikkje registrert har du ikkje lov å selje tobakksvarer og tobakkssurrogat
  • Sjølve registreringa er kostnadsfri
  • Alle registrerte salsstader må betale eit årleg tilsynsgebyr
  • Sluttar du med slikt sal må du avregistrere deg

Du finn tilsynsavgifta under avgifter og prisar i Gloppen kommune.

Registrer deg på Helsedirektoratet si side.

Kontroll av tobakkssal

Kommunen kontrollerer at dei som sel tobakk/tobakksvarer føl regelverket, og sjekkar mellom anna at:

  • Opplysningane i tobakksalsregisteret rett ift. opplysningane på salsstaden
  • At varene er kjøpt frå ein registrert grossist
  • Tobakksvarer ikkje blir selde til personer under 18 år
  • Salsstaden har ein internkontroll som gjev dei tilsette god nok kunnskap om regelverket
  • Ingen reklame for tobakksvarer
  • Tobakksvarer ikkje blir selde med rabatt/er gratis

Tilsynsavgift

Alle salsstader for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen:

  • Ei tilsynsavgift for faste salsstader (heilårs ope)
  • For midlertidige salsstader (ope deler av året)

Meir informasjon om tilsynsordninga for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogater finn du på Helsedirektoratet.no