Slik søker du skjenkeløyve

Søknad om fast skjenkeløyve må opp til politisk behandling, først i helse og omsorgsutvalet og så til vedtak i formannskapet. Sjå politisk møteplan!

Søk derfor i god tid - Søknadsfrist er seinast 4 veker før møtet!

Det er kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan som regulerer kommunen sin løyvepolitikk.

Etter planen kan det tildelast følgjande løyve:

  • Skjenkeløyve for øl og vin
  • Skjenkeløyve for brennevin

Slik søker du - dokument som må følgje søknad:

  • Firmaattestar for alle selskapa som er involvert i drifta
  • Skatteattest for driftsselskapet og løyvehavar (den som har det økonomiske ansvaret)
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og varastyrar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Vitnemål som stadfestar bestått etablerarprøva for dagleg leiar
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og vara si tilknyting til staden
  • Adkomstdokument (leigekontrakt el. anna dokument som stadfestar at søkjar disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om)
  • Målsett teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert
  • Målsett teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna (om søknad gjeld uteservering)
  • Serveringslokalet/a må vere registrert hos Mattilsynet     

Søk om fast skjenkeløyve

Send eventuelle vedlegg pr post til:
Gloppen kommune
Grandavegn 9
6823 Sandane

 

Skjenkeløyve for øl og vin kan tildelast:

I planen er det ikkje sett noko tak på talet på løyve i kommunen.

  • Overnattingsstader, definert som hotell, motell og pensjonat.
  • Serveringsstad med eige kjøkken
  • Diskotek og pubar
  • Utandørs serveringsareal, dersom arealet er klart avgrensa og ligg i naturleg tilknyting til skjenkearealet innandørs
  • Selskapslokale
  • Helse- og omsorgsinstitusjonar
  • Den eller dei som har tilverkingsløyve

Skjenkeløyve for brennevin kan tildelast:

  • Overnattingsstader definert som hotell, motell og pensjonat. Overnattingsstaden skal ha; rom med dusj/bad og toalett/resepsjonsservice/serveringslokale/salongareal med god standard
  • Restaurant, serveringsstad og pub
  • Slutta lag ved enkelte høve (ambulerande løyve)

For å få tildelt sals- og skjenkeløyve må i tillegg desse vilkåra oppfyllast:

  • Politiet må ikkje ha merknader til søkjaren sin vandel, dersom tilhøvet har noko med alkolhollova å gjere, eller anna lovgjeving som har samanheng med formålet i alkohollova.
  • Søkjaren må ikkje ha uoppgjorte skatte- og avgiftsrestansar
  • Verksemda må ha godkjent serveringsløyve og vere registrert hos Mattilsynet
  • For å ta i bruk tildelt løyve, må skjenkestyrar og varastyrar ha greidd kunnskapsprøva etter alkohollova. Styrar og varastyrar må være tilsett på skjenkestaden eller arbeide i verksemda i kraft av eigarstilling, sjå § 1-7c i alkohollova.


Sjå elles § 1-7b og 1-7c i alkohollova om krav til vandel og greidd kunnskapsprøve.

Pris for kunnskapsprøva i alkohollova - skjenkeløyve, sjå servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.