Kunnskapsprøva

Før du kan søkje om fast skjenkeløyve må du ha eit serveringsløyve. Når serveringsløyvet er på plass må to personar ved serveringsverksemda ta kunnskapsprøva i alkohollova - skjenkeløyve. Prøva må vere fullført og bestått av begge! Du kan ta prøva på nytt heilt til du består, men du må betale eit gebyr for kvar prøve du tek.

Ring Gloppen kommune sitt servicetorg - 57 88 38 00 - for å avtale tid for å ta prøva.

Lærebøker/nettbaserte testar kan du kjøpe på vinn.no.

PS: Prøvene er berre på norsk. Grunnen er at dei skal teste løyvetakars kunnskap om norske lover og reglar som gjeld for serveringsverksemder. Lover/reglar finn ein i liten grad oversett til andre språk, og slett ikkje i offentleg godkjende oversettingar. Dette er på grunn av krav om høg grad av språkleg presisjon, noko som kan vere vanskeleg å gjenskape i ein oversetting.

 

Praktiske opplysningar:

  • Kunnskapsprøva er ei elektronisk fleivalsprøve
  • Prøva tek du ved den som gjev løyve - Gloppen kommune
  • Du har 60 minutt på å ta prøva
  • 24 av 30 svar må vere korrekte
  • Tillatt hjelpemiddel er lovsamling

Meir informasjon om kunnskapsprøva finn du også på helsedirektoratet.no.

Alle som har bestått får prøvebevis på dette. Du må ta godt vare på beviset då det er din dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset gjeld på ubestemt tid.