Treng du serveringsløyve?

Kva er ein serveringsstad?
Ein serveringsstad er ein stad der det blir servert mat og/eller drikke. I tillegg må tilhøva vere tilrettelagt slik at maten og drikka kan fortærast. Døme på serveringsstader er restaurantar, kaféar, konditori, gatekjøkken, kiosk, bensinstasjon og pub. Dette finn du i serveringslova kap. 1, § 2. Dersom du gjer deg næring av å reise rundt med eit mobilt gatekjøken el. skal du normalt ha serveringsløyve!

Driv du ein serveringsstad, må du ha serveringsløyve. Det er løyvehavar sitt ansvar at serveringsløyve er klart før serveringsstaden blir opna for publikum. Løyvehavar er den som har det økonomiske ansvaret for serveringsstaden. Krav for serveringsløyve gjeld både utandørs og innandørs servering!

Serveringsløyve er ikkje nødvendig: 
Catering reknast ikkje som servering og treng ikkje løyve. Catering vert kjenneteikna ved at kunden et maten ein heilt annan stad. Døme er utkøyring av pizza og levering av mat til private selskap.

Salg av vafler, pølser med meir i samanheng med små lokale arrangement, fotballturneringar, handballkampar og liknande, samt gratis servering av mat krev heller ikkje serveringsløyve.

Løyvet gjeld berre på staden der det er søkt for
Serveringsløyvet gjeld berre for den serveringstaden du har søkt løyve for og den løyvehavaren som står oppført i løyvet. Om du overdreg eller sel serveringsstaden din, må ny eigar søkje nytt løyve innan 30 dagar etter inngått avtale, elles fell løyvet vekk.

Ønskjer du å opne ny serveringsstad i tillegg til den du alt har løyve for, må du søkje om nytt løyve for den nye serveringstaden. Du kan ha fleire servingsløyver.

Det er ikkje tidsavgrensing på serveringsløyver.