Etablererprøven - kunnskapsprøve etter serveringslova

Kven kan ta prøva?

Alle som ønskjer det kan ta prøva. Dagleg leiar/styrar av ein serveringsstad må ha dokumentert kunnskap om serveringslova. Kravet er oppfylt ved bestått etablererprøve, eller utdanning frå Norsk Hotellhøgskule: HKR 230 Ansvarleg vertskap (bestått eksamen etter januar-05).

Pensum:

Test i kunnskap om økonomistyring og lovgivning av betydning for drift av serveringstader, dette er serveringslova, skatte- og avgiftslovgivninga, konkurslovgivninga, regnskapslovgivninga, arbeidsmiljølovgivninga og alkohollova. Prøva er basert på det materialet som er omtala i læreboka: "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomhet".

PS: Prøvene er berre på norsk.Grunnen er at dei skal teste løyvetakars kunnskap om norske lover og reglar som gjeld for serveringsverksemder. Lover/reglar finn ein i liten grad oversett til andre språk, og slett ikkje i offentleg godkjende oversettingar. Dette er på grunn av krav om høg grad av språkleg presisjon, noko som kan vere vanskeleg å gjenskape i ein oversetting.

Lærebøker/nettbaserte testar kan du kjøpe på vinn.no

Kvar tek du prøva:

Prøva tek du ved servicetorget i Gloppen kommune. Kontakt oss på telefon 57 88 38 00 for å avtale tid. Ta med gyldig legitimasjon. Pris for prøva finn du her: Servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.

Du har lov å bruke lovsamling under prøva. Det er ei elektronisk fleirvalsprøve. Tida er 90 minutt og du må ha bestått 40 av 50 spørsmål for å få godkjent prøve. Du kan ta prøva på nytt heilt til du består, men det vert eit gebyr for kvar prøve du tek.

Ta godt vare på prøvebevis:

Alle som har bestått får prøvebevis på dette. Du må ta godt vare på beviset då det er din dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset gjeld på ubestemt tid.