Meir informasjon om salsløyve

Vil du selje alkoholhaldig drikkevare i butikk, må du ha løyve til dette frå kommunen. Du må søke i god tid før oppstart av ny verksemd sidan søknaden skal opp til polistisk behandling! Søknadsfrist er seinast 4 veker før polistisk behandling!

I Gloppen skal søkad om løyve først til behandling i helse og omsorgsutvalet før det ordinære løyve blir gjeve av formannskapet. Salsløyve gjeld for drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Dei som kan få salsløyve er:
 

  • Daglegvareforretningar
  • Øl- og mineralvatnutsal
  • Bryggeriutsal

Bensinstasjonar og kioskar kan til dømes ikkje få salsløyve.

Det er kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan som regulerer kommunen sin løyvepolitikk. 

For å få tildelt salsløyve må i tillegg desse vilkåra oppfyllast:

  • Politiet må ikkje ha merknader til søkjaren sin vandel, dersom tilhøvet har noko med alkolhollova å gjere, eller anna lovgjeving som har samanheng med formålet i alkohollova.
  • Søkjaren må ikkje ha uoppgjorte skatte- og avgiftsrestansar.
  • Løyvet vert gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drift av butikken eller utsalet.
  • Søknaden må innehalde opplysningar om butikken/utsalet, eigarforhold og kven som er styrar og varastyrar.
  • For å ta i bruk tildelt løyve, må styrar og varastyrar ha greidd kunnskapsprøva etter alkohollova. Styrar og varastyrar må være tilsett på salsstaden eller arbeide i verksemda i kraft av eigarstilling, sjå § 1-7c i alkohollova.

Sjå elles § 1-7b i alkohollova om krav til vandel.

Elektronisk skjema finn du på sjølvbetjening/skjema under løyve til servering, sal og skjenk!

Pris for kunnskapsprøva i alkohollova - salsløyve, sjå servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.

Slik søkjer du salsløyve.