Skjenkeløyve enkelthøve/ambulerande

Skal du skjenke alkoholhaldig drikk utan at du har fast skjenkeløyve, må du søkje om løyve.

Det er to løyver

  • Skjenkeløyve enkelthøve - for opne arrangement 
  • Ambulerande skjenkeløyve - for lukka arrangement

Løyve for eit enkelt høve

Skjenkeløyve kan gjevast for eit enkelt høve som til dømes bygdakveldar, revyar og festivalar som er opne for alle. Løyvet kan berre omfatte øl og vin. Styrar og vara må vere over 20 år.

Ambulerande løyve

Kommunen har to ambulerande løyve. Løyva kan berre gjevast til såkalla slutta lag.

Slutta lag er ei samling med inviterte namngjevne gjester. Gjestene må ha ein eller annan tilknyting til dei som inviterer til samlinga. Døme på slutta lag er bryllaup, konfirmasjon, private jubileum eller jobbfeiringar.

Løyvet kan omfatte både øl, vin og brennevin.

Ambulerande løyve kan altså ikkje bli tildelt arrangement som er opne for alle!

Slik søkjer du

Skjemaet ligg i kategorien "Løyve til sal, skjenk og servering". Hugs å krysse av for kva type løyve du søkjer om.

Søk eletronisk 

NB! Søknadsfrist er to veker før arrangementet finn stad!

Sjå pris for løyvet i servering og skjenking under avgifter og prisar i Gloppen kommune.