Kommunal forvaltningsplan for hjort 2018-2020

Klikk for stort bilete Alle kommuner der det er åpe for jakt på hjortevilt, skal setje opp kommunale mål for bestanden. I Gloppen kommune er dette gjort i "Forvaltningplan hjort 2018-2020.

Planen er på høyring til 1. mars 2018, og skal deretter endelig vedtakast av kommunestyret. 

Forvaltningsplanen gjev ei oversikt over hjortebestanden i Gloppen kommune. Den er oppbygd slik at fyrste delen samlar tilgjengeleg informasjon om hjorten og omtalar utviklinga fram til dagens situasjon for hjortebestanden. Andre halvdel av planen er dei kommunale måla.

Måla i den kommunale forvaltningsplanen vil sette rammene for den målretta tildelinga av fellingskvotar til vald utan bestandsplanar. Samstundes vil den òg bli styrande for vald med delbestandsplanar sidan måla for dei einskilde vald ikkje kan vere i strid med dei kommunale måla.