Vedtekter for utviklingsfondet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Vedtektene er godkjende av
- Gloppen kommunestyre den 20. juni 2011, sak 35/11
- Jølster kommunestyre den 21. juni 2011, sak 24/11
- Naustdal kommunestyre den 1. september 2011, sak 52/11 
- Førde bystyre den 29. september 2011, sak 39/11
med seinare endringar.  

Samarbeidskommunar ifht Naustda-Gjengedal landskapsvernområde - Klikk for stort bilete § 1 Heimel og kapital
Grunnkapitalen i fondet er pr 01.01.2010 på 10 mill kr innbetalt av staten som følgje av opprettinga av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Fondet er felles for Gloppen, Jølster, Førde og Naustdal kommune.

Fondskapitalen kan plasserast på renteberande konto og/eller i aksjar eller fond til høgast mogleg rente. Inntil 6 millionar kroner kan plasserast i aksjar eller fond. Vertskommunen sitt finansreglement avgjer endeleg plassering.

Dei åra det ev ikkje blir utbetalt tilskot frå fondet, kan midlane disponerast til tilskot påfølgande år.

§ 2 Føremål
Avkastning av fondet skal nyttast til næringsutvikling, fellestiltak og tiltak for ålmenta i nærområdet til, eller innafor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Tiltaket skal primært vere basert på utnytting av verdiane i verneområdet innafor gjevne vernereglar og forvaltningsplan.

§ 3 Tilhøvet til internasjonale forpliktelsar mot offentleg støtte
Bruken av fondet skal vere i samsvar med det internasjonale regelverket om offentleg tilskot som Noreg har slutta seg til.

§ 4 Fondsforvaltning
Fondet er interkommunalt og kommunelova sine reglar for interkommunalt samarbeid blir lagt til grunn for val av forvaltningsløysing, ref lova sin § 28-1 c, e, f og h – k.

Vertskommune-samarbeid
Fondet skal administrerast etter reglane om vertskommune-samarbeid, sjå kommunelova sin § 28-1. Gloppen kommune skal vertskommune.

Det er utarbeidd eigen samarbeidsavtale mellom dei fire kommunane (PDF, 72 kB). Avtalen er datert 01.02.2011 og kan berre bli endra av kommunestyra i dei fire kommunane. Det må vere full semje før ev endringar kan bli gjennomført.

Oppgåver for vertskommunen
Den daglege administrasjon av fondet er lagt til Gloppen kommune v/rådmannen. Fondsadministrasjonen skal mellom anna:
-
Ta i mot og registrere søknader om tilskot, syte for å greie ut søknadene forsvarleg om tildeling frå fondet
-
Ta i mot og registrere ev klager på vedtak om tilskot, syte for å greie ut saka forsvarleg
-
Følge opp gjennomføring av tiltak som er tildelt tilskot frå fondet.

Felles folkevald nemnd
Det blir oppretta felles folkevald nemnd som skal styre arbeidet med fondet. Nemnda skal ha 9 medlemmer, 4 av desse representerer grunneigarane. Reglar for oppnemning og fordeling av medlemmene går fram av samarbeidsavtale mellom kommunane (PDF, 72 kB) datert 01.02.2011.


Kostnader med administrasjon av fondet kan ikkje bli dekt av avkastninga frå fondet.

Klagebehandling
Tildelingar frå fondet er enkeltvedtak etter forvaltningslova og kan påklagast til klagenemnda som er oppretta i medhald av kommunelova § 28-1, bokstav g.

§ 5 Årsmelding/årsrapportering
Vertskommunen skal rapportere årleg til dei 4 kommunestyra om arbeidet med forvaltning av fondet. Rapporten skal innehalde:
-
oversikt over kven som har søkt tilskot
-
oversikt over kven som har fått tildelt tilskot
-
oversikt over gjevne avslag på tilskot
-
oversikt over klager og resultatet av klagehandsaminga
-
utbetalte tilskot
-
avslutta tilskotssaker
-
inndrege tilskot
-
rekneskap for fondet.

§ 6 Godkjenning og endring av vedtekter
Vedtektene og seinare vedtektsendringar skal godkjennast av kommunestyra i Naustdal, Førde, Jølster og Gloppen.

Framlegg til endring av vedtekter kan fremjast av kommunestyret i ein kommune.

§ 7 Støtteformer
Midlane frå fondet kan gjevast som eingongstilskot og eller tilskot fordelt over fleire år. I hovudsak skal tilskot kunne gjevast til:
-
Utgreiingsarbeid
-
Marknadsundersøkingar
-
Kompetanseoppbygging
-
Oppstart-tilskot nye bedrifter
-
Investering i bygg og anlegg
-
Investering i varige driftsmidlar
-
Investering i utstyr
-
Driftstilskot i oppstartfase
-
Tiltak innafor beitebruk
-
Tiltak for fisk og vilt
Lista er ikkje uttømmande.

§ 8 Støttevilkår
Støtte kan gjevast til:
-
Grunneigarar og grunneigarsamanslutningar med rettar innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde
-
Lag, organisasjonar og andre som ønskjer å utvikle verdiar i område i samarbeid med rettshavarar innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Samarbeid krev skriftelege avtale.

Støtte kan gjevast med inntil 70 % av budsjetterte kostnader for tiltaket. I særlege tilfeller kan det gjevast 100 % støtte til eit tiltak.

Det skal setjast høvelege vilkår ved tildeling av støtte frå fondet.

§ 9 Kunngjering av søknadsfrist og krav til søknad m.v.
Søknad skal utformast i samsvar med Innovasjon Noreg sine retningsliner for søknad om tilskot.

Søknadsfristen er 15 mars. Søknadsfristen skal gjerast kjend i god tid ved lysing i dagspressa. Søknadsfrist og vedtekter for fondet skal vere lett tilgjengeleg på kommunane sine heimesider.

Søknadene skal handsamast utan unødig opphald. Vedtak om tildeling avmidlar skal meddelast søkjar innan 20. juni.

Vedtak om tildeling avmidlar skal stadfestast med eit tildelingsbrev der vilkåra for tildelinga og bruken av midlane kjem klart fram.

Det skal utarbeidast eige søknadsskjema og standard tildelingsbrev.

§ 10 Tilsegnsperiode
Tilsegn om tilskot vert gjeve for 2 år med fastsett arbeidsfrist. Ved særlege tilhøve kan det, etter søknad, bli godkjent ein lengre gjennomføringsperiode.

Dersom tiltaket ikkje er starta opp seinast 12 mnd etter at tilsegn er gjeve, fell vedtak om tilsegn bort.

Dersom tiltak innan arbeidsfristen berre er delvis fullført, kan utbetalt tilskot heilt eller delvis krevjast tilbake.

§ 11 Utbetaling av tilskot
Innvilga tilskot blir utbetalt etter skriftleg oppmoding og skriftleg dokumentasjon av utgifter.

D
ersom sluttutgiftene er mindre enn i søknaden, blir tilskotet tilsvarande avkorta.

Tilskot opp til kr 10.000 blir utbetalt etter gjennomført prosjekt. Ved tilskot over kr 10.000 kan administrasjonen i spesielle tilfelle og etter søknad innvilge delutbetaling.
---Vedtektene er sist oppdaterte etter vedtaka i
- Gloppen kommunestyre av 16. juni 2014, sak 37/14
- Naustdal kommunestyre av 20. mars 2014, sak 3/14
- Jølster kommunestyre av 29. april 2014, sak 26/14
- Førde bystyre av 25. september 2014, sak 42/14.