Snødekt mark

Køyring på snø gjev mindre varige skadar på terreng og vegetasjon enn barmarkskøyring. Difor er reglane for motorferdsel på snøføre mindre strenge enn for barmarkskøyring. Mest mogeleg av naudsynt transport i utmark bør leggast på snøføre.

Merk at vegar som ikkje er opparbeida for køyring med vanlig bil (traktorvegar), samt veg som ikkje vert brøyta for køyring med bil, er å rekne som utmark. Køyring med blant anna snøskuter eller ATV på slike vegar er difor som regel ikkje lov utan løyve.

Utan søknad kan ein køyre med fylgjande formål:

    • Naudsynt transport for drift av turistanlegg (blant anna overnattings- og serveringsstader og skiheiser) som ikkje ligg til brøyta bilveg.
    • Transport ved bygging i samsvar med byggeløyve (ikkje til vedlikehald).
    • Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakkar for allmenta og for konkurransar, når det vert utført av kommunar, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter.
    • Naudsynt transport i samband med vitskapelege undersøkingar etter oppdrag frå forskingsinstitusjon.
    • Naudsynt transport av ved frå eigen eigendom til fast bustad.

 

Etter søknad kan kommunen gje løyve til nyttekøyring med snøskuter til andre formål.

Særlig aktuelle formål er:

    • Ervervsmessig transport.
    • Transport for funksjonshemma.
    • Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg når det i området ikkje er mogeleg å få leigd transport.
    • Køyring i utmarksnæring for fastbuande.
    • Transport av ved utover det som er direkte tillate utan søknad.

Kommunen kan i unntakstilfelle gje løyve til køyring på vinterføre ved andre særlege behov som ikkje kan dekkast på anna måte, og som ikkje knyter seg til turkjøring.

Gloppen kommune har eigne retningsliner for motorferdsel i utmark, som blant anna regulerer når det kan køyrast.

Gloppen kommune har gjeve løyve til personar/organisasjonar som kan nyttast til leigekøyring eller ervervsmessig transport i vintersesongen 1. desember – 30. april, 2018 – 2023. Det er ønskeleg at desse vert kontakta for bruk av snøskuter på vinterføre før ein eventuelt søkjer om eige løyve for private turar.

Ervervskøyrarane er:

Organisasjon Kontaktperson Telefonnummer Hovudområde
Breimsbygda Skisenter Runar Kleppe 901 24 701 Utvikfjellet
Hyen Røde Kors Hjelpekorps Ola Henning Ommedal 977 52 415 Hyen
  Kurt Fossheim 412 21 076 Heile kommunen
Mardal skuterdrift Svein Ove Langeteig 951 27 545 Mardalsstøylen
Røde Kors Gloppen Hjelpekorps Ola Apalset 465 26 309 Sandane-sida av Gloppen kommune