Slik søkjer du

Om du vil gjennomføre motorferdsle som ikkje har direkte heimel i lov må du sende søknad om dette til kommunen.

Søknad sender du elektronisk til Gloppen kommune på fastsett søknadsskjema. Du må leggje ved kart med innteikna køyrerute.

Dersom du ikkje har eksakt dato for køyringa kan du søkje om løyve innanfor ein avgrensa periode. Kommunen set då vilkår om at du varslar på førehand når transporten skal gjennomførast.
 
Det er viktig å søkje i god tid, elles kan du risikere at kommunen ikkje rekk å behandle søknaden før du ønskjer å køyre.

Løyvet må takast med under transporten.

Villrein

Delar av Gloppen ligg innanfor leveområdet til villrein. Planlegg transporten din på førehand slik at nødvendig motorferdsel i kalvingsområda kan gjerast utanfor kalvingstida. 

Motorferdsel i verneområde

Ved motorferdsel i Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde eller Ålfotbreen landskapsvernområde må du også ha løyve frå verneområdestyret. Du må då sende søknad både til kommunen og til verneområdestyret. Meir informasjon her