Motorbåt og luftfartøy

Båt og flytande fartøy

Ferdsel med motorfartøy, altså båt eller anna flytande fartøy drive med motor, er i utgangspunktet tillate på innsjøar som er minst 2 kvadratkilometer.
Bruk av elektrisk påhengsmotor er likestilt med bensindriven motor og er i utgangspunktet forbode på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer. 

Gloppen kommune har fastsett ei lokal forskrift som opnar for bruk av elektrisk påhengsmotor på utvalde innsjøar og til bestemte føremål. 

Luftfartøy

Landing og start med luftfartøy slik som fly, helikopter og liknande er som hovudregel forbode i utmark og vassdrag. Merk at det vert rekna som landing sjølv om helikopteret heng i lufta over bakken for å laste eller losse.

Etter søknad

Ved særlege behov kan kommunen gje løyve til bruk av motorfartøy og luftfartøy. Helikopter vert til dømes ein del brukt for å frakte materiale til hytter og anna som ligg i vanskeleg terreng.

Hugs å søkje i god tid dersom du ønskjer slik transport. Meir om søknad her

Ekstern lenke

Motorferdsellova