Friluftslova

Friluftsloven sikrar ålmenta sin rett til ferdsel og opphald i naturen. Når ein ferdes i naturen er det viktig å ferdes omsynsfylt og varsamt, så ein ikkje er til sjenanse for eigar eller skader naturen.
Friluftsloven gjev allmennheta ein rekke rettar, men medfører og plikter. I denne artikkel vert dei viktigaste element frå lova oppsumert.

Klikk for stort bilete

Eit av dei viktigaste prinsipp når ein er i naturen står ikkje direkte i lova, men det er 

Sporlaus ferdsel

Når du er på tur i skogen, ved sjøen eller på fjellet bør du forlate staden mest mogleg urørt og helst finare enn då du kom. På denne måten kan og dei som kjem etter deg oppleve gleda av å møte den urørte naturen.

På sykkel

I skogen har ein lov å sykle på veg eller sti. På fjellet over tregrensa kan ein også sykle utanom stiane. 

Den frie ferdselsretten gjelder berre når ein opptrer omsynsfullt og varsomt for ikkje å volde skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre, eller påføre miljøet skade.

I Kolebakkane naturreservat må ein berre sykle på eksisterende vegar. Det er ikkje lov å sykle på stiar. 

Til fots

I utmark må ein ferdes heile året til fots. Men det må skje omsynsfult og med varsamheit. I innmark er det andre regler som gjeld. Her kan ein ferdes til fots når marka er frosen, men aldri i perioden frå 30. april til 14. oktober. 

På ein sti eller veg i innmark som fører til utmark, har ein lov til å gå, sykle eller ri heile året. 

Ferdsel på vatn

På sjøen er det fri ferdsel med båt for alle. Likedan er det fri ferdsel på islagt sjø. Ferdsel på vassdrag vert regulert av vannressurslova og slår fast, at alle kan ferdes utan motor på eit vassdrag.
Ein har lov til å trekke båten i land på strandstrekningar for kortare tid. Bruk av privat kai eller brygge krev løyve frå eigaren. 


I Bukta fuglefredingsområde er det forbode å bruke motorbåtar, modellbåtar, seglbåtar og seglbrett f.o.m. 1. september t.o.m. 30. april. 

Bading

Ønskjer ein å bade i sjøen eller i utmark er det fritt fram, så lenge det skjer i høveleg avstand til hus og hytte. Bading må ikkje være til ulempe for andre. Dette gjeld og når ein badar frå båten. 

Rasting og telting

I innmark er det ikkje lov å overnatte, raste, solbade eller liknande. Det må ein derimot i utmark, dersom det ikkje er til ulempe for andre.
Telting og overnatting må ikkje skje nærmare enn 150 m. frå hus eller hytte der det bur folk. 

Telting er tillete inntil 2 dager på samme plass. Dette gjeld ikkje på fjellet eller områder langt frå bebyggelse. 

Hausting

I utmark må alle plukke og ta med seg ville blomster, planter, bær og vill sopp, samt røter av ville urter. Igjen er det ein plikt til at det må skje omsynsfullt og med varsamheit. Friluftslova inneheld ei liten kuriositet når det gjeld sanking av nøtter. Her er det nemlig berre tillat at ta de nøtter ein klarer å ete på staden... 

Bålbrenning

Det er forbud mot å gjere opp ild i skog og mark i perioden 15. april til 15. september. Kommunen kan gje dispensasjon. Bålet må ikkje forlates før det er heilt slokt. (Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn § 8-2).  Til bålet kan ein bruke tørre kvister og greiner som ein finn på bakken. Ikkje hogg greiner av levande tre - dei brenn likevel dårleg.  

Kontaktperson i kommunen: Utmarksforvaltaren