Planting

Klikk for stort bilete Når ein vel å hogge skogen, utløyser ein samstundes plikta til å sørge for forynging. Hogstareal må difor plantes att inan 3 år frå hogst.

 

Om ein vil plante sjølv, har kommunen planteutstyr som kan lånast av skogeigar. Plantar kan tingast hjå Vestskog.

Om ein ikkje ønskjer å plante sjølv, kan Vestskog stå for jobben.

Det kan brukast skogfond til planting, plantekjøp og sjølve jobben med å plante - og om ein gjer det sjølv. Søknadsskjemaet er det same som vert brukt til søknad om tilskot til planting. 

NB: Ver merksam på at planting av utenlandske treslag krev løyve frå Fylkesmannen og har eit eige søknadsskjema.

Mjøsen skog har laga ein kort film kring planting med mange gode tips:

 

Skogeigarar som ønskjer å bruke hogstarealet til innmarksbeite har høve til å gjere det. Arealet er skog inntil det er tatt i bruk som innmarksbeite. Først då opphøyrer planteplikta. Innmarksbeite skal ha minst 50 % dekke med gras eller beitetolande urter, vere rydda for hogstavfall og normalt vere inngjerda.  

Kontaktperson i kommunen: Utmarksforvaltaren.