Forsikring av skog

Klikk for stort bilete Storm, skogbrann og andre skogskader gjev store verditap. Slike skader bør ein forsikre seg mot.  Som det einaste forsikringsselskap i Noreg, tilbyr Skogbrann å forsikre skogen din. Ein kan velje å forsikre seg mot brann, storm eller begge. Utan forsikring bærer ein heile risikoen sjølv.

I Gloppen kommune koster stormskadeforsikring mellom 0,20 og 2,50 kr/dekar/år avhengig av bonitet. Brann koster 0,20 kr./dekar/år.

Forsikringspremien kan dekkast med skogfond og ein får derved 85% skattefordel.

Sjå Skogbrann sin heimeside for meir informasjon om premie og vilkår.  

Kontaktperson i kommunen: Utmarksforvaltaren.