Velferdsordningane i landbruket

Føremålet med velferdsordningane er å bidra til å sikre matproduksjon og matforsyning ved å forvalte ordningar retta mot å betre rekruttering til næringa og mot nærinsutøvaren si velferd.

Av velferdsordningar har vi:

  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
  • Tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
  • Tidlegpensjon for jordbrukarar
  • Landbruksvikarordninga

DGI-spreiar i bruk - Klikk for stort bileteDGI-spreiar i bruk Edvin-A Hugvik

Avløysartilskot for ferie og fritid

Tilskot til ferie og fritid kan gjevast til å dekke faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjerdsle til avløysar.

Enkeltpersonføretak må dokumentere utgifter. Andre føretak kan få tilskotet som eit direkte tilskot utan krav til dokumentasjon.

Grunnlaget for fastsetting av tilskotet er tal dyr som foretaket disponerar pr. 1.1. i avløysaråret og tal slaktegrisar, grisar selde som livdyr med levande vekt minst 50 kg, gjess, kalkunar, ender, livkyllingar og slaktekyllingar slakta eller solgt som livdyr foregåande år.

Søknadsfrist er 20. januar året etter at avløysinga har skjedd. Søk her.  (same skjema og søknadsfrist som gjeld for produksjonstilskot).

Meir informasjon om ordninga finn på www.slf.dep.no eller du kan ta kontakt med  landbrukskontoret.

 

Tilskot til avløysing ved sjukdom m.m.

Tilskotet kan gjevast til foretak med husdyrhald, heilårs veksthusproduksjon, plante- og/eller birøkt. Det kan gjevast tilskot til avløysing ved sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, kronisk sjuke barn og følge av sjuke barn til behandling. Det kan vidare gjevast tilskot til gjenlevande ektefelle/sambuar, barn eller foreldre til avdøde som var berettiga tilskotet.

Søknadsfrist er seinast 3 månadar etter at avløysinga har skjedd.

For meir informasjon om ordninga inkludert søknadsskjema SLF-151N og forskrift, kan du gå inn på  www.slf.dep.no  eller du kan du ta kontakt med landbrukskontoret.

 

Tidlegpensjon for bønder

For å motta tidlegpensjon må brukar ha fylt 62 år. For å få tobrukarpensjon må ektefelle/sambuar ha fylt 57 år. Korkje brukar eller ektefelle/sambuar kan eige landbrukseigedom når ein av dei eller begge går over på tidlegpensjon. Brukar og eventuell ektefelle/sambuar kan vidare ikkje ha næringsinntekt frå jordbruk/gartneri eller skogbruk, ytingar frå folketrygda eller AFP-pensjon samtidig som det ytast tidlegpensjon.

Det er fleire krav til inntekt og inntektssamansetning for å få tidlegpensjon.

Meir informasjon, inkludert søknadsskjema SLF-108, finn du på www.slf.dep.no eller du kan ta kontakt med landbrukskontoret. 

 

 

Landbruksvikar

Landbruksvikarene skal avløse bøndene ved sykdom og krisesituasjoner. Avløserlagene har ansvaret for ordningen.

Landbruksvikarordninga i Gloppen vert administrert av Gloppen Avløysarlag, tlf. 90 07 01 13.

Meir informasjon om ordninga finn på www.slf.dep.no.

 

 

Kontaktperson i kommunen:

Namn Telefon E-post
Trine Alme 979 91 048 trine.alme@gloppen.kommune.no