Spesielle miljøtiltak i jordbruket ( SMIL-midlar )

Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er fastsett av Landbruksdepartementet 4. februar 2004 med heimel i lov av 12. mai 1995 nr 23 (jordlova) §§ 3 og 18.  

Klikk for stort bilete Bernt Reed

Føremål

Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere ureininga frå jordbruket utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.
 


Målsetjingar for bruk av midlane i Gloppen er å vedlikehalde og vidareutvikle det særmerkte og varierte kulturlandskapet mellom fjord og bre.
Støtte tiltak og fremje driftsmåtar i jord- og skogbruket som tek i vare viktige miljø- og kulturverdiar. 

Kven kan søkje 

Det kan gjevast tilskot til føretak som er eigar og som driv og/eller eig ein landbrukseigedom, eller til ein som er registrert i einingsregisteret og som har fått løyve av den som eig landbrukseigedomen til å gjennomføre eit prosjekt eller tiltak.

Ein hovedstrategi for Gloppen kommune vil vere å tildele miljømidlar til aktiv drivne bruk for å styrkje garden sitt næringsgrunnlag som eit bidrag til å skape livskraftige bygder og velhalde kulturlandskap.
Likevel kan det gjevast tilskot også til bruk som ikkje er i drift, når desse inngår i fellesløysingar for røkt av kulturlandskapet eller viktige miljø og kulturverdiar.
Vi legg også vekt på tiltak som hindrar ureining mot vassdrag og såleis tryggjer vassmiljøet.
For å auke forståing av landbruket som berar av viktige økonomiske og kulturelle verdiar vil vi også støtte samarbeid mellom t.d skule, 4H m.fl. og tiltakshavar i gjennomføringa av tiltak innan miljøordningane.

Søknadsfrist 30. april 

Kva slags tiltak kan ein søkje midlar til

1. Kulturlandskap - skjøtsel og rydding av gamal kulturmark

  • kulturminne/kulturmiljø
  • freda/verneverdige bygningar
  • tilgjenge (rydding og merking av vegar, stiar etc.)
  • opplevingskvalitet
  • biologisk mangfald


2. Forureiningstiltak - hydrotekniske anlegg

  • høytørke
  • klimaplanting/leplanting
  • fangdammar/våtmarkar


3. Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltak

4. Investeringstiltak for organisert beitebruk- sjå Organisert beitebruk under Jordbruk og dyrehald 

Søknadsprosedyre

Søknadsskjema finn du her . 

Orientering om ordninga finn du her (Landbruksdirektoratet)

Vedlegg til søknad

  • oversiktskart som syner kvar tiltaket skal utførast
  • fotodokumentasjon
  • utgreiing om arbeidet og om start og sluttføring
  • spesifisert kostnadsoverslag
  • historikk
  • evt anna dokumentasjon/informasjon som er naudsynt for tiltaket
  • søknaden må ha opplysningar om organisasjonsnr, kontonr og
  • kontaktperson

Ytterlegare informasjon

Treng du meir informasjon, ta kontakt med kommunen.

Bernt Reed, mobil 97 99 10 52, eller e-post

Åse Marie Ravnestad, mobil 97 99 10 51, eller e-post