Organisert beitebruk - søknad om tilskot til drift av beitelag

Tilskot til drift av beitelag er ein del av regionalt miljøtilskot i landbruket (RMP). Tilskotet kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.

Føremålet med ordninga er å stimulere til samarbeidstiltak for å få til ein effektiv beitebruk som bidreg til å halde kulturlandskapet ope.

Vi oppmodar alle om å søkje elektronisk via Altinn. Det vert trekt kr 1 000 kr pr dag om du leverer søknad etter søknadsfristen.

Søknadsfristen er i november. Fristane vert kunngjort nærare når tida nærmar seg

Rettleiing til elektronisk søknad,

 

Kontaktperson i kommunen

Bernt Reed, tlf 979 91 052