Tilskot til grøfting

Det er no fastsett regelverk og søknadsskjema for tilskotsordninga.

Søknadsfrist er 30. april. Det er viktg å merke seg at tiltak som er påbyrja ikkje vert omfatta av ordninga.

 

Klikk for stort bileteGrøft drenering

Sogn og Fjordane får midlar til dreneringstiltak. Fylkesmannen fordelar midlane til kommunane ut i frå behov og søknadspågang.

Føremålet med tilskotsordninga er å auke kvaliteten på tidlegare drenert jordbruksjord. Tiltak der dreneringa både kan auke jordbruksproduksjonen og redusere faren for vassureining vert prioritert.

Søknad om tilskot skal sendast til kommunen der dreneringsarealet ligg. Søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet skal brukast, og grøfteplan med kart og skjema for miljøvurdering eller tilsvarande miljøinformasjon skal leggjast ved.

Søknadskjema

Kort rettleiar om krav til kart og miljøplan

Regelverk og meir informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside

 

Kontaktperson i kommunen:

Namn Telefon E-post
Bernt Reed 979 91 052 bernt.reed@gloppen.kommune.no