Nydyrking

Nydyrking er peika på som ein av fleire måtar vi kan nå det nasjonale målet om å auke norsk matproduksjon på. 

Dersom du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søke kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Formålet med forskrifta er å sikre at nydyrking skjer på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskapsverdiane. 

Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år.

Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.

Søknad

Les om søknadsprosessen her

Kontaktperson i kommunen

Bernt Reed, tlf 979 91 052