Naturskade

Klikk for stort bilete Det er ikkje alle typer naturskader det er mogeleg å forsikre seg mot gjennom ein vanleg forsikringsordning. Det kan t.d. vere skadar som skuldast flaum, storm eller skred. Skadar som desse vert dekt gjennom Statens naturskadeordning.  

Frå og med 2017 vert ordninga administrert av Landbruksdirektoratet. Søknad om erstatning må sendast direkte dit. 

Meir informasjon om Statens naturskadeordning finn du på landbruksdirektoratet sin nettside.  

Ver mersam på at det ikkje kan søkjast om erstatning for skog som er øydelagt av storm. Dette kan ein forsikre seg mot. 

Kontaktperson i kommunen: Utmarksforvaltaren.