Kommunal forvaltningsplan for hjort 2021-2023

Alle kommuner der det er ope for jakt på hjortevilt, skal setje opp kommunale mål for bestanden. I Gloppen kommune er dette gjort i "Forvaltningplan hjort 2020-2023. Den endelege versjonen vart vedteken i Teknisk, miljø og kulturutvalet 11.03.2021

Forvaltningsplanen gjev ei oversikt over hjortebestanden i Gloppen kommune. Den er oppbygd slik at første delen samlar tilgjengeleg informasjon om hjorten og omtalar utviklinga fram til dagens situasjon for hjortebestanden. Andre halvdel av planen er dei kommunale måla.

Måla i den kommunale forvaltningsplanen vil sette rammene for den målretta tildelinga av fellingskvotar til vald utan bestandsplanar. Samstundes vil den òg bli styrande for vald med delbestandsplanar sidan måla for dei einskilde vald ikkje kan vere i strid med dei kommunale måla.