Vedtekter og samarbeidsavtale om utviklingsfondet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Vedtektene er godkjende av: Gloppen kommunestyre den 10. juni 2021, sak 49/11 - Sunnfjord kommunestyre den 23.  juni 2021, sak 80/21

Denne avtalen erstattar t idlegare vedtekter for utviklingsfondet , sist oppdatert i 2014 og samarbeidsavtalen om fondet frå 2011.

 1. Kva avtalen gjeld

Avtalen gjeld forvaltning og administrasjon av næringsfondet på 10 mill. kroner som er løyvd av staten som følgje av opprettinga av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Avtalepartar er Gloppen og Sunnfjord kommunar.

Gloppen kommune er vertskommune for samarbeidet . Avtalen er heimla i kommunelova kapittel 20. 

2. Formål 

Avkastinga skal brukast til næringsutvikling, fellestiltak og tiltak for folk flest i nærområdet til, eller innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Tiltaka skal primært vere basert på utnytting av verdiane i verneområdet slik dette går fram av vernereglane og forvaltningsplanen for området. 

3. Plassering og forvaltning av fondet

Som vertskommune plasserer Gloppen kommune fondet slik fondsstyret bestemmer. Fondet skal ikkje indeksregulerast. Administreringa av fondet ligg til vertskommunen.  

Administreringa av fondet inneber m.a. søknadshandtering, saksbehandling for styret, rekneskapsføring og årsrapportering.

Det kan ikkje nyttast av grunnstolen. Maksimal tildeling av tilskot er avgrensa til opparbeidd avkasting av grunnstolen. 

Dei åra det ikkje vert utbetalt tilskot frå fondet , kan midlane disponerast til tilskot påfølgande år. 

4. Fondsstyret

Fondet skal ha eit styre på fire medlemmer, som blir samansett slik:

  • To medlemmer, med varamedlemmer frå Gloppen kommune, inkludert ein grunneigarrepresentant 
  • To medlemmer, med varamedlemmer frå Sunnfjord kommune, inkludert ein grunneigarrepresentant

Kommunestyra i Gloppen og Sunnfjord vel kommunane sine medlemmer.
Grunneigarrepresentantane skal veljast etter framlegg frå grunneigarane. 

Styret konstituerer seg sjølv, men slik at leiarvervet går på omgang mellom kommunane. Valperioden følgjer kommunestyreperioden. Styreleiar har dobbel røyst ved avstemming. 

4.1. Styret sine oppgåver

Styret si oppgave er å avgjere alle søknader og saker som gjeld bruk av fondsmidlane. Det kan ikkje gjevast støtte eller tilskot frå fondet som er i strid med regelverket for offentleg støtte.

Styret rapporterer til kommunestyra i Gloppen og Sunnfjord minst ein gong i året . Rapporten skal ligge føre innan 1. mars året etter. 

Styret får godtgjersle etter Gloppen kommune sitt reglement . Utgiftene blir dekka av fondet. 

5. Vertskommunen sine oppgaver 

Kommunedirektøren i Gloppen har ansvaret for vertskommunen sine oppgåver, og stiller sekretær og saksbehandlar til disposisjon for styret . Kostnadene med dette blir dekka av fondet. 

Utgiftene til rekneskapsføring og revisjon blir dekka av vertskommunen. 

5.1. Årsmelding/ årsrapportering 

Vertskommunen skal rapportere årleg til dei 2 kommunestyra om arbeidet med forvaltning av fondet . Rapporten skal ligge føre innan 1. mars kvart år. Rapporten skal innehaIde: 

  • Oversikt over kven som har søkt tilskot 
  • Oversikt over kven som har fått tildelt tilskot 
  • Oversikt over avslag på tilskot 
  • Oversikt over klager og resultatet av klagehandsaminga 
  • Utbetalte tilskot 
  • Avslutta tilskotssakar 
  • lnndregne tilskot 
  • Rekneskap for fondet 

6. Støtteformer

Midlane frå fondet kan gjevast som eingongstilskot og/ eller tilskot fordelt over fleire år. I hovudsak skal t ilskot kunne gjevast til: 

  • Utgreiingsarbeid
  • Marknadsundersøkingar 
  • Kompetansebygging 
  • Oppstartstilskot til nye bedrifter 
  • Investering i bygg og anlegg 
  • Driftstilskot til oppstartsfase  
  • Tiltak innafor beitebruk 
  • Tiltak for fisk og vilt 
  • Legge til rette for friluftsliv for ålmenta

Lista er ikkje uttømmande. 

Lett omsetteleg lausøyre skal det ikkje gjevast tilskot til, bortsett frå når lausøyret er tett knytt til gjennomføring av eit klart definert nærings-/ ålmentatiltak. 

7. Støttevilkår

Støtte kan gjevast til: 

  • Grunneigarar og grunneigarsamanslutningar med rettar innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde 
  • Lag, organisasjonar og andre som ønskjer å utvikle verdiar i område i samarbeid med rettshavarar innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Samarbeid krev skriftelege avtale.

Støtte kan gjevast med inntil 70 % av budsjetterte kostnader for tiltaket. I særlege tilfelle kan det gjevast 100% støtte til eit tiltak. 

Det skal setjast høve lege vilkår ved tildeling av støtte frå fondet. 

8 . Kunngjering av søknadsfrist og krav til søknad

Søknad skal utformast i samsvar med Innovasjon Noreg sine retningsliner for søknad om tilskot. Loyve/ uttale frå styret i verneområdet skal leggjast ved for tiltak innafor landskapsvernområdet. 

Søknadsfristen er 15 mars. Søknadsfristen skal gjerast kjend i god tid ved lysing i dagspressa. Søknadsfrist og vedtekter for fondet skal vere lett tilgjengeleg på kommunane sine heimesider.

Søknadene skal handsamast utan unødig opphald. Vedtak om tildeling av midlar skal meddelast søkjar innan 20.  juni. 

Vedtak om tildeling av midlar skal stadfestast med eit tildelingsbrev der vilkåra for tildelinga og bruken av midlane kjem klart fram. 

Det skal ut arbeidast eige søknadsskjema og standard tildelingsbrev. 

9 . Tilsegnsperiode 

Tilsegn om tilskot vert gjeve for 2 år med fastsett arbeidsfrist. Ved særlege tilhøve kan det, etter søknad, bli godkjent ein lengre gjennomføringsperiode. 

Dersom tiltaket ikkje er starta opp seinast 1 år etter at tilsegn er gjeve, fell vedtak om tilsegn bort.  

Dersom tiltak innan arbeidsfristen berre er delvis fullført, kan utbetalt tilskot heilt eller delvis krevjast tilbake. 

10 . Utbetaling av tilskot 

Innvilga tilskot blir utbetalt etter skriftleg oppmoding og skriftleg dokumentasjon av utgifter. 

Dersom sluttutgiftene er mindre enn i søknaden blir tilskotet tilsvarande avkorta. 

Tilskot opp til 10.000 blir utbetalt etter gjennomført prosjekt. Ved tilskot over 10.000 kan administrasjonen i spesielle tilfelle, og etter søknad, innvilge delutbetaling.  

11. Klage 

Til å behandle klager på styret sine vedtak, har kommunestyra i Gloppen og Sunnfjord kommuna oppretta ei særskild klagenemnd på tre medlemmar. I klagenemnda sit ordførarane i dei to kommunane, pluss eit tredje medlem som ordførarane er samde om. Viss ordførarane ikkje blir samde, peikar ordføraren i Gloppen ut det tredje medlemmet dei to fyrste åra av valperioden og ordføraren i Sunnfjord dei to siste. 

I klagesaker gjeld elles § 20-6 i kommunelova. 

12 . Oppløysing av samarbeidet og endringar i avtalen 

Samarbeidet etter denne avtalen kan oppløysast dersom kommunestyra i dei to kommunane er samde om dette. Samarbeidet kan også oppløysast med eit års oppseiing frå ein av kommunane. 

Ved oppløysing blir det som er att av fondsmidlane delte mellom kommunane i køve til kver kommune sitt areal i landskapsvernområde, dvs 59 % til Gloppen kommune og 41% til Sunnfjord kommune. 

Avtalen kan elles endrast når begge kommunestyra i samarbeidet er samde om dette.