Bandtvang for hund I perioden 1. april til 20. august er det ordinær bandtvang for hund i heile Noreg. Med bandtvang etter lova er meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt. I 2015 vedtok Gloppen kommunestyre i tillegg ein lokal forskrift som utvider bandtvangen til 15. oktober. Det gjeld i områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter. Bandtvangen 20. august til 15. oktober gjeld ikkje jakthundar som vert brukt til jakt. Kommunal forskrift til lov om hundehald Publisert avSiv Kvalsvik Haugen Publisert05.01.2017 19.49