Europeisk Mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke er ein kampanje der vi set fokus på klima og miljø kopla til transportformer i kvardagen vår. Det er ein europeisk kampanje som vert gjennomført i mange land og kommunar i midten av september kvart år.

 

Gloppen har delteke i Europeisk mobilitetsveke i tre år sidan 2018. I 2021 fekk vi ikkje til noko arrangement – delvis pga korona og ressursmangel.

I Gloppen sin samfunnsdel står det at vi skal jobbe for at innbyggjararne skal ha høve til ein aktiv og miljøvennleg livsstil. Mobilitetsveka er ei god veke for å bevisstgjere innbyggjarane og gjere tiltak som kan påverke folk i positiv retning når det gjeld klima og transportformer. Mobilitetsveka er også viktig for å påverke og synleggjere for regionale styresmakter tiltak som er nødvendig for at vår kommune skal kunne tilrettelegge for meir miljøvennleg transport.

Les meir om oppsummering frå Mobilitetsveka i 2020.

Sjå kva tiltak vi gjennomførte i 2019.