I Gloppen kan du låne elsykkel gratis!

Å gå til innkjøp av ein elsykkel kan vere ei stor investering for mange, og det er heller ikkje sikkert at det er noko for deg.

Er du innbyggar i Gloppen kan du no få låne ein kommunal elsykkel, aldeles gratis, og prøve ut om du likar det! Du kan låne sykkel for ei veke om gongen. 

Vi har 12 flotte elsyklar.  Syklane er av ulike typar og størrelsar, slik at alle skal kunne finne ein sykkel som passar.  To av syklane er transportsyklar med vogn framme som er fine for familiar med små barn. 
Nokre av utlånssyklane vert utstyrt med sesongriktige piggdekk, noko som er med på å utvide sykkelsesongen. Spør etter piggdekk når du lånar! 

Kvifor elsykkel? 

Gloppen kommune ynskjer å inspirere til miljøvennleg transport. Og alle utlånssyklane er finansiert med tilskot frå Miljødirektoratet. Mange som prøvar elsykling merkar at dette er ei positiv oppleving for humøret, helsa og miljøet. Du kjem deg fort fram, og blir mindre sliten enn ved vanleg sykling og du får også ei god dose frisk luft på kjøpet! 

Korleis låne?

Utlån vert administrert frå servicetorget på heradshuset. Du treng berre stikke innom og spørje etter ein sykkel. Har vi sykkel inne – får du låne den med deg. Du kan låne sykkel for maks ei veke om gongen. Du må signere på ei utlånsavtale før du får ut nøklar og det du elles treng før du kan sykle avgårde. Når du signerer på avtala godtek du vilkåra for lån. 

Venteliste?

Har vi ikkje ledig sykkel inne kan du sette deg opp på venteliste. Då finn vi ein passande sykkel, og du får ein dato du skal hente. Hentar du ikkje sykkelen den dagen du har reservert, står servicetorget fritt til å låne ut sykkelen til nokon andre. 

Pris?

Lån av elsykkel er gratis, men oppstår det skadar under utlån må leigetakar dekke kostnad for reperasjon og evt delar. 

Kven kan låne?

Syklane lånar vi ut til innbyggarar i Gloppen, ikkje tilreisande og turistar. Syklane er berekna for vaksne, men nokre av syklane er mindre, og kan også nyttast av yngre syklistar. Er du under 18 må låneavtala signerast av ein føresett, og det er den føresette som er ansvarleg for å vurdere om syklisten kan handtere ein elsykkel, og som også står ansvarleg for lånet.

Er du her på besøk, så kan du leige sykkel hos Nordfjord Aktiv

Fleire syklar?

Det er kjekt å sykle i lag med andre og gjere sykkelturen til ei sosial oppleving. Ein leigtekar/familie/husstand kan låne maks 4 syklar om gongen. 

Tillit

Lån av kommunale elsykar er basert på gjensidig tillit mellom Gloppen kommune og leigetakar. Vi forventar at den som lånar sykkel med oss overheld avtala som er inngått, tek godt vare på sykkelen og leverer den tilbake i god og heil stand, rein og til rett tid. Ved gjentekne brudd på tillit kan leigetakar bli utestengt for vidare leige av sykkel inntil 2 månadar.
 

Klikk for stort bileteOrdførar Leidulf har testa transportykling saman med sin gjeng. -Veldig moro meinte dei!