Klimaomstilling i landbruket - Oppsummering av fagdag

Torsdag 17. september inviterte Gloppen kommune og Bondelaget til fagdag om klimaomstilling i landbruket. Gloppen kommune er i gang med ny klimaplan, og ønskjer innspel frå viktige samarbeidsparter i arbeidet med planen. 

Føremålet med samlinga var kunnskapsbygging omkring klimagassutslepp i landbruket og kva tiltak som kan redusere dette. Det vart informert om tilskotsordningar som bøndene kan søke på. På slutten var det lagt opp til innspel frå deltakarane, på kva tiltak dei såg som realistiske for reduksjon av klimagassutslepp. Kunnskap og innspel blir teke med vidare i arbeidet med klimaplanen.
 

Klikk for stort bilete Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag.

Klimaplan for Gloppen – landbruket si rolle

Birte Fossheim og Trine Alme i Gloppen kommunen, er ansvarleg den tekstlege delen som skal inn i  klimaplanen om landbruk i Gloppen. Miljødirektoratet leverer kvart år statistikk for klimagassutslepp for kommunane. Gloppen hadde i 2018 eit utslepp på 42000 tonn Co2 ekvivalentar. Landbruk og transport er dei kategoriane som står for størst utslepp i vår kommune. Innan 2050 skal vi vere eit lågutsleppsamfunn, noko som tilsvarer at vi skal ha redusert klimagassutslepp med 80-90 % av dagens utslepp. Klimagassutslepp for Gloppen finn du på Miljødirektoratet sin side her

Anders Felde og Arne Frode Øvreseth appelerte til at landbruket må setje seg sjølve i førarsete. Bondelaget og Småbrukarlaget inngjekk avtale med regjeringa i 2019 om reduksjon i klimagassutslepp på 5 mill tonn CO2 nasjonalt innan 2030. Bondelaget og landbruket har laga eigen Klimaplan for korleis dei skal innfri avtala med regjeringa. Om ikkje landbruket klarer å levere på dette, så er alternativet det som Klimakur anbefalar – å redusere Norsk matproduksjon.

Framtidas landbruk skal ha auka matproduksjon med lågare klima og miljø-avtrykk. Mindre importerte ressursar. Matproduksjon tilpassa eit «tøffare» klima. Klimagrep på garden skal vere lønsame for bonden.

Landbruket sin klimaplan

Elisabeth Sæter frå Norges Bondelag har vore med å utarbeida Landbrukets Klimaplan for perioden 2021 – 2030. Nokre viktige premisser: Landbruket skal levere på reduksjon i klimagassar og auka opptak i jord tilsvarande  5 mill tonn CO2e innan 2030. Største kutta skal takast gjennom å forbetre norsk matproduksjon. Fossile utslepp kan ikkje sidestillast med biologiske utslepp. Vi skal ha husdyr også i 2050!  Landbruket har laga ei skisse som viser kor utsleppskutta skal gjerast:

1.    Utrulling av klimakalkulatoren

Dette vil bli eit nyttig verktøy for gardane. Kalkulatoren tek utgangspunkt i bonden sine eigne data om din produksjon, og bereknar garden sitt klimaavtrykk. Innan 2025 skal alle gardsbruk ha ein eigen klimaberekning og fått tilbod om klimarådgjeving. 

2.    Betre fôring, dyrehelse og avl 

Betre grovforkvalitet – påverkar fordøying – og dermed metangassutslepp. Mål om å redusere kraftforandel.
Husdyravl – prioritere eigenskaper som har samanheng med klimagassutslepp ved avlsarbeid. Vidareføring av avlsarbeidet med breie avlsmål.
Friske husdyr er viktig for god folkehelse og klima. Norske husdyr er blant dei friskaste i verda. 

3.    Fossilfri maskinpark

Redusere bruken av fossilt drivstoff og erstatte med biodrivstoff eller maskiner som på el, biogass eller hydrogen. Her må teknologien jobbe for oss. Har ikkje el-traktorar i dag. 

4.    Fossilfri oppvarming

Fase ut fossil oppvarming i jordbruket, og bruk av dieselaggregat. Landbruket skal vere fossilfri innan 2030. 

5.    Betre bruk av gjødsla og god agronomi 

Bruk av miljøvennlege spreiemetoder. Auka bruk av stripespreiar. Betre lagerkapasitet på gjødsel, betre spreietidspunkt og tett dekke på gjødsellager.
God drenering gir god jordhelse og mindre danning av lystgass. 

6.    Bruk av husdyrgjødsla til industrielle biogassanlegg 

Å utnytte husdyrgjødsel i biogassanlegg gir reduksjon av klimagassutslepp 

7.    Jorda som karbonlager 

Tiltak som binder karbonet i jorda. Potensiale vil variere utifrå geografi, klima og jordsmonn. Framleis behov for meir forsking. 

8.    Ny klimateknologi revolusjonerer landbruket 

Ny teknologi vil spele ein vesentleg rolle for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket. Eksisterer i dag verkemiddel for å stimulere til forsking og utvikling av ny klimateknologi. Verkemidlane må målrettast for å oppnå klimagassreduksjon i landbruket.

Foredraget til Elisabeth Sæter finn du her. (PDF, 3 MB)
Klikk for stort bileteGod drenering er viktig klimatiltak Merete Støfring, Sogn og Fjordanee Bondelag  

Klimakalkulatoren – kva og korleis i kvardagen 

Jan Asle Torstad frå Tine og Helena Elvatun frå Norsk Landbruksrådgjeving orienterte om status for klimakalkulatoren. Det er under utprøving ein kalkulator for landbruket som baserer seg på at alle gardsbruk skal ha eigen klimaberekning. Det er starta opp pilotprosjekt i 2018 på ulike områder innan gardsdrift – mjølk/grovfor, korn, gris. Innan 2025 er tanken at alle gardsbruk skal ta klimakalkulatoren i bruk. Sjå foredraget her. (PDF, 2 MB)

Kva finst av verkemiddel/tiltak i dag 

Randi Erdal og Bjørn-Harald Haugsvær frå Fylkesmannen i Vestland orienterte om verkemiddel i landbruket som er relevant for klima. God agronomi er godt for klima. Det vert sett fokus på drenering, gjødsling, jordpakking, lokal fôrproduksjon og sunne husdyr. Viktig verkemiddel er produksjonstilskotet. Jordbruket må også vere tilpassa eit endra klima. Vi får mildare ver, meir og hyppigare periodar med kraftig nedbør. Dette stiller krav til godt plantedekke med redusert jordpakking og rett mengde og tidspunkt for gjødsling. 

Verkemiddel i landbruket skal gje reduksjon av klimagassar og binding av karbon, og tilpasse drifta til eit endra klima. 

  • Drenering: godt drenert jord slepp ut mindre lystgass, samtidig er dette eit klimatilpassingstiltak. Kommunen forvaltar tilskotsordninga for grøfting. 
  • Gjødsling og gjødsellagring: måten gjødsel blir spreia og lagra på, kan ha stor innverknad på klimagassutslepp. I dag finst det fleire tilskotsordningar bøndene kan søke gjennom regionalt miljøprogram (RMP) som fylkesmannen administrerer, investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU) som Innovasjon Noreg forvaltar og spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) som kommunen har hand om. 
  • Biogass: levere husdyrgjødsel til eit industrielt biogassanlegg. Få slike anlegg i Noreg. Bønder kan få leveringsstøtte per tonn husdyrgjødsel. 
  • Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi: Forvalta av Innovasjon Norge. Retta mot gårdsvarmeanlegg (fyringsanlegg, varmepumper, solenergi), anlegg for varmesal, veksthus m.m. 
  • Bio og fornybar energi i køyretøy: tilskotsordning hjå ENOVA.
  • Tre i landbruksbygg: tilbygg eller nybygg. Tre hovudmateriale i vegg el takkonstruksjonar. Forvalta av Innovasjon Norge. 
  • Planting av skog for binding av karbon: tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Retningslinjer hjå kommunen

Sjå foredraget frå Randi Erdal og Bjørn-Harald Haugsvær her. (PDF, 3 MB)

Klikk for stort bilete Marita Skreie

Dialog og innspel i møte 

Det var sett av tid til dialog i mindre grupper, og basert på kunnskapen som var kome fram i foredraga, skulle deltakarane vurdere kva tiltak ein kunne gjere på eigen gard for å bidra til reduksjon av klimagassutslepp. Kvar gruppe måtte velje tre tiltak som dei presenterte i plenum: 

  • Fôring/fôrprøver – bygge kunnskap, rett kvalitet og mengde 
  • Ved å skyte hjort som går på bøen vil bonden kunne hauste meir grovfôr og få meir avling 
  • Drenering 
  • Presisjonslandbruk – redusere køyring, drivstoff – likevel få ut det same volumet. Optimalisere/dele utstyr. Drenering. Stripespreiing. Betre grovfôrkvalitet. Redusere kraftfôr. 
  • Gjødselhandtering 
  • Gjødsellagring 
  • Leigejord – redusere transportavstand 
  • Ta i bruk ny kunnskap – viktig at dette kjem ut til landbruket

Oppsummering – kva gjer vi framover

Landbruket har ein viktig rolle i Gloppen kommune for å redusere klimagassutslepp. Innspel og oppsummering frå dagen frå Bondelaget til vegen vidare med klimaplanen: 

  • Eit godt samarbeid med Bondelaget/lokale bønder og kommunen der landbruket er aktive og set seg sjølv i førarsete, vil gje gode og realistiske tiltak inn i klimaplanen.  
  • Bøndene må starte med enkle og opplagde tiltak først. Mange tilskotsordningar som bøndene kan nytte seg av. 
  •  Auke produksjon av frukt og bær der det ligg til rette for det. 
  • Ikkje riktig å konkretisere mål for kor mykje landbruket skal kutte innanfor kommunegrensene. Produksjon av mat er viktig i regional og nasjonal samanheng. Fokuset bør heller vere på å redusere import av mat som blir produsert her til lands.  
  • Klimaplanen må sei noko om korleis vi skal motivere bøndene til omstilling. Og ikkje diskvalifisere matproduksjon i Gloppen!Klikk for stort bileteOmstilling til meir frukt og bær Marita Skreie