Dei globale klimautfordringane krev ei omstilling til eit samfunn kor vekst og utvikling skjer innan naturen sine tålegrenser. Det må skje ei overgang til produkt og teneste som gir mindre negative konsekvensar for klima og miljø enn i dag.
Innovasjon og teknologi er nøkkelen til ei grøn omstilling, og næringslivet er ein sentral part. Det offentlege si rolle er å syte for riktige rammevilkår, ei framtidsretta infrastruktur, ei berekraftig natur- og arealforvaltning, og bidra til utvikling av marknaden gjennom å sette miljøkrav i bestillingar/innkjøp.
Kommunen må legge til rette for at både store og små bedrifter lokalt har nødvendig kompetanse for ei grøn omstilling. I lag med lokalt næringsliv må vi invitere til samarbeid i nettverk og skape arena for kunnskapsdeling i regionen.