Kulturprisen i Gloppen

Gloppen kommune har sidan 1991 delt ut ein kulturpris til folk som høyrer heime i kommunen, og som «har vist vedvarande evner og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege». Det er teknisk, landbruk og kulturutvalet som avgjer kven som får prisen, som hittil har vore på kr 10.000,-.

Utdelinga skjer vanlegvis på siste kommunestyremøtet før jul.

Formålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeid i Gloppen kommune.

Vi har også eigen kulturpris for ungdom i Gloppen

Desse har fått Gloppen kommune sin kulturpris:

År Namn
1991 Synneva Løken
1992 Gloppen Jentekor og Ellen Johanne Mjelva
1993 Einar Rygg og Ragnar Rygg
1994 Eivind Indrebø
1995 Petter Eide
1996 Ove Eide
1997 Kristen Arnestad
1998 Irene og Dag Moen
1999 Ragna Halvorsen og Oddlaug Vereide
2000 Kjell Råd
2001 Anders Rinde
2002 Kristen Moen
2003 Per Sandal og Gunnar M. Tystad
2004 Svein Petter Tveit
2005 Kari og Nils Jordanger
2006 Hilde-Gunn og Ola Tormod Ommedal
2007 Odd-Bjørn Hjelmeset
2008 Sigrid Terese Moldestad
2009 Dagfinn Nyhammer
2010 Sverre Folkestad
2011 John Oddvar Kandal og Elin Grytting
2012 Gloppen Janitsjar
2013 Ingemar Sårheim
2014 Dag Fosstvedt
2015 Arne Søholt
2016 Remi Tystad
2017 Hanne Bergljot Oftedal
2018 Atle Nygård