Byggeskikkprisen til Firda Tidend-bygget

Under kommunestyremøtet i dag vart byggeskikkprisen for Gloppen kommune tildelt Firda Tidend-bygget. Prisen vart delt ut av nestleiar i Teknisk- miljø og kulturutvalet Katrine Anita H. Heggelund. Aadne Gloppestad mottok prisen som represensentant for Firda Tidend. 

Aadne Gloppestad mottok byggeskikkprisen for 2019. Nestleiar i Teknisk- miljø og kulturuvalet Katrine Anita H. Heggelund delte ut prisen. Jan Kåre Fure

Byggeskikkprisen har som formål å medverke til auka forståing for verdien av god byggeskikk, både ved nybygg og ved renovering eller endringar av eksisterande bygningsmiljø samt uteanlegg i kommunen. Det er teknisk-, miljø og kulturutvalet som delar ut denne prisen, og utvalet har lagt særlig vekt på at tiltakshavar i denne rehabiliteringa har valt å behalde stilen på huset slik det var opphaveleg både i forhold til fasade, vindauge og fargeval på huset. Utvalet vil også påpeike at det er veldig positivt at tiltakshaver og prisvinnar har i stor grad valt å nytte lokale bedrifter under rehabiliteringa. Restaureringa er gjort på ein framifrå måte, og til etterfølgelse for andre. Eit viktig prosjekt som løfter fram og forskjønner Nordstrandsvegen som ei fin handelsgate. 

Firda Tidend-bygget eller også omtalt som Skarsteinhuset er frå 1884. Avisa Firda Tidend kjøpte huset i 1998, og gjorde ei omfattande restaurering både utvendig og innvendig i 2018 og 2019.

I forhold til retningslinjene for prisen, er arbeidet som er gjort absolutt med på å løfte fram verdien av god byggeskikk og den viktige historiske betydninga bygget har for Sandane sentrum. Restaureringa av Firda Tidend-bygget er eit forbilde og til inspirasjon for andre som vurderer å sette i stand bygningar i sentrum. Dei siste to åra har fleire bygg i sentrum blitt pussa opp eller fått eit etterlengta målingsstrøk. Det er også bygd mange leiligheiter  i sentrum. Dette er ei veldig positiv og ønska utvikling for kommunesenteret

Det at bygga våre i sentrum er fine og godt vedlikehaldne, er med å gjere kommunesenteret Sandane meir attraktiv for besøkande. Dette er også viktig for stadkjensla og bruken av sentrum som møteplass for våre eigne innbyggjarar. 

Vi gratulerer Firda Tidend-bygget med velfortjent pris!