Tor Øyvin er Årets Gloppar 2017!

I kommunestyremøtet i dag vart prisen Årets Gloppar 2017 delt ut. Prisen gjekk denne gongen til ein framifrå ambassadør for Gloppen som representerar skaparkrafta som finst i distrikta. Prisen gjekk sjølvsagt til Tor Øyvin Aa, eller som han er blitt kalla - kongen av karbonfiber!

Prisen vart delt ut av leiar i MULTEK-utvalet, Arnar Kvernevik i starten av Kommunestyretmøtet som denne gongen vart holdt på Tine Meieriet Byrkjelo. 

Klikk for stort bileteÅrets Gloppar 2017 Tor Øyvin Aa, saman med leiar i MULTEK-utvalet Arnar Kvernevik og ordførar Leidulf Gloppestad Jan Kåre Fure

Tor Øyvin Aa og bedrifta gjev innhaldet til begrepet "Det grøne skiftet" og vi har snart ikkje tal på alle dei utmerkingane og prisar som har blitt tildelt prisvinnaren og Brødrene Aa den seinare tid. Brødrene AA har gjort sin visjon til røyndom. Visjonen er nyskapande og utruleg vakker! Og det har skjedd i Hyen i Gloppen. 

Prisvinnaren, familien og bedrifta er uløyselig knytt saman, og årets Gloppar-prisen er samstundes ei anledning til å anerkjenne alle dei involverte sin innsats og det samfunnsansvar som Brødrene Aa viser, ikkje berre i 2017, men gjennom fleire generasjonar. 

Gloppen kommune og velferdsstaten er avhengig av at det vert skapt verdiar for å kunne dele og omfordele. Den norske samfunnsmodellen bidreg til økonomisk vekst, likestilling, tillit mellom folk og små sosiale forskjellar. Tor Øyvin og Brødrene Aa bidreg til denne velferda gjennom nye klimavennlege løysingar og arbeidsplassar i den grøne sektoren. 

Tor Øyvin og skaparkrafta i Hyen bidreg til velferds-Norge og til det gode omdømet som Gloppen har opparbeidd seg over tid. 

Dei som kjenner prisvinnaren karakteriserar han som roleg, sakleg, kunnskapsrik og diplomatisk. Eigenskapar som kjem godt med når ein skal forhandle med, og håpefullt inngå avtalar i verdas største marknad.

Den travle bedriftsleiaren er òg Hyen-patriot, og han nyttar alltid høvet til å framheve bygda på ein positiv måte. Men han er også med på å løfte fram problemstillingar som dårleg veg, behov for ny skule og andre infrastrukturtiltak når han pratar med viktige politikarar eller andre. 

Han er raus til å profilere andre næringsaktørar i bygda og resten av Gloppen. Han peikar ofte på kor viktig flyplassen er for næringslivet. Med sitt nettverk kan stemma hans fort bli avgjerande i viktige saker for bygda og kommunen.

Det er MULTEK-utvalet  som på vegne av kommunen har bestemt kven som får prisen Årets Gloppar. I retningslinjene for prisen heiter det mellom anna at den skal vere eit takk for å fremje gode samfunnsverdiar, men òg for å inspirere til vidare innsats og utvikling.

Vi gratulerer!

Tor Øyvin er den fjerde som mottek denne prisen - sjå dei tidlegare prisvinnarane her