Årets gloppar 2018 - Kristine Ryssdalsnes Horvli

Prisen til Årets gloppar 2018 vart i dag delt ut under kommunestyremøtet. Prisen gjekk til ei ung flott dame som verkeleg har vore med å sette Gloppen, Sandane og Firda vgs på kartet, nemleg Kristine Ryssdalsnes Horvli

Kristine har hovudrolla som Gunnhild Kvam i NRK P3 si store satsing, serien Lovleg. Den er no inne i sin andre sesong på NRK, og innspelinga av serien er nettopp avslutta. 

Klikk for stort bilete

Prisen vart delt ut av Mariell Eikeset Koren, som er medlem i MULTEK-utvalet, og kommunestyret sitt "ungdoms-alibi"

I si tale til prisvinnaren seier Mariell mellom anna:

"Prisvinnaren er ung, og det er ikkje mange åra sidan ho sjølv trødde sine sko i kommunen og på dramalinja på Firda vgs. No viser ho fram for verda korleis livet som ungdom på ein småplass kan arte seg, og skaper nok gjenkjenning for mange, både dei som er unge i dag, og dei som er i både sin andre og tredje ungdom. Prisvinneren står no på trappene til eit liv som skodespelar, og med dette årets erfaringar i bagasjen vil vi tru det er mange dører som har opna seg.

Kristine Ryssdalsnes Horvli, spelar hovudrolla Gunnhild Kvam i serien «Lovleg» der handlinga er lagt til Sandane og til Firda vgs. I serien føl vi ei seksten år gamal jente som flyttar for seg sjølv for fyrste gong, og gjennom naturtru dialoger på vestnorsk dialekt får vi sjå korleis det kan arte seg når kropp og hovud er i full ommøblering. Og alt skjer i vakker Gloppe-natur og Sandane sentrum sine gater. Gunnhild er ikkje noko ideal eller førebilete – slik sett skil denne serien seg ut i høve til mange andre ungdomsseriar. Gunnhild er ein ungdom som går «på trynet» ganske ofte. Ho må lære å tilpasse seg, har angst og får verken toppkarakterar eller draumeguten. Slik kan livet også vere. Det er viktig å lære å ha det bra med seg sjølv. Det er faktisk godt nok." 

Vi gratulerer med prisen, og håper den kan vere til inspirasjon til utvikling vidare. Vi håpar å sjå Kristine i nye roller, på nye scener og seriar i tida framover, og gleder oss til å følge med på den unge skodespelaren som vi er så stolte over!

Klikk for stort bileteÅrets gloppar mottok diplom og kunst-fotografi i dagens kommunestyremøte.Frå venstre, medlem i MULTEK-utvalet Mariell Eikeset Koren, Prisvinnar Kristine Ryssdalsnes Horvli og Ordførar Leidulf Gloppestad

Dette er femte gongen prisen vert delt ut, Sjå oversikt over tidlegare vinnarar her.