Årets Gloppar 2016 - Gunhild Skinlo

I kommunestyremøtet i dag, 6. mars delet leiaren i MULTEK-utvalet ut heiderprisen Årets Gloppar - Gunhild Skinlo for hennar langsiktige arbeid og stor innsats i arbeidet for menneske med utviklingshemming.

Vi gratulerer ein verdig prisvinnar!

 

Klikk for stort bilete Jan Kåre Fure

«Årets Gloppar» 2016 er ein person som over lang tid har utøvd ein ueigennyttig innsats for ei gruppe menneske som svært ofte fell utanfor. Sjølv om det er brei semje i Norge om at samfunnet vårt skal være for alle, så er røynda dessverre ofte ei anna. Ei lang rekke enkelttilfelle i Norge sine kommunar viser at det framleis er myke ugjort før personar med utviklingshemming får sin rett også i praksis. Difor er det så utruleg viktig at vi har organisasjonar og enkeltpersonar som stiller opp for dei utviklingshemma og aktivt bidreg til å gjere kvardagslivet litt lettare for dei og deira familiar.

At menneske med utviklingshemming også skal få del i kulturlivet har heile tida stått sentralt i prisvinnaren sitt arbeid. I 2006 fekk Norsk Forbund for Utviklingshemma, avdeling Sogn og Fjordane, fylkeskommunen sin kulturpris, ikkje minst på grunn av kulturfestivalane som fylkeslaget har skipa til sidan 1988.  Det var «årets Gloppar 2016» som saman med fleire eldsjeler stolt kunne ta i mot den prisen.

Prisvinnaren har vore leiar av fylkeslaget til Norsk Forbund for Utviklingshemma og er no leiar for Gloppen NFU. Prisvinnaren er særleg dagsaktuell i samband med konstruktive innspel til høyringa av Gloppen kommune sin «Plan for samordning av tenester til barn og unge».

Gjennom eit langsiktig arbeid og ein stor innsats har prisvinnaren medverka til at mange utviklingshemma er blitt betre integrert og inkludert. Det har gjort dei rikare, og det er heller ikkje i tvil om at det har gjort lokalsamfunnet og oss alle rikare.

Gunhild skinlo fekk utdelt prisen av Leiar i Multek Arnar KVernevik og Ordførar Leidulf Gloppestad - Klikk for stort bilete

Frå venstre: Leiar i MULTEK-utvalet Arnar KVernevik, prisvinnar og Årets gloppar 2016 Gunhild Skinlo og ordførar Leidulf Gloppestad. Prisen vart delt ut i kommunestyret 6. mars 2017