Årets gloppar 2014 - Jesper Melin Ganc-Petersen

Prisen «Årets gloppar» vart for fyrste gong utdelt i år. Den fyrste prisen gjekk til Jesper Melin Ganc-Petersen og vart utdelt i kommunestyremøte 15. desember.

Det er kultur- og miljøutvalet som har bestemt kven som får prisen, og vi tek her med ein kortversjon av grunngjevinga:

Prisen for «Årets gloppar» skal inspirere til vidare innsats og utvikling. Han skal også vere takk og heider til eit menneske eller fleire som har gjort ein stor innsats for å fremje gode samfunnsverdiar – som samhandling og trivsel, glede, helse, fellesskap, ærlegdom, solidaritet, lojalitet, engasjement og frivillig arbeid.  Prisen for «Årets gloppar» skal inspirere til vidare innsats og utvikling. Han skal også vere takk og heider til eit menneske eller fleire som har gjort ein stor innsats for å fremje gode samfunnsverdiar – som samhandling og trivsel, glede, helse, fellesskap, ærlegdom, solidaritet, lojalitet, engasjement og frivillig arbeid.Jesper Melin Ganc Petersen
Kristin Sandal (SP) - Klikk for stort bilete Jan K.

 


I retningslinene for prisen heiter det at «Prisen for «Årets gloppar» skal gå til ein person eller fleire som har utøvd ein ueigennyttig innsats i Gloppen kommune». Han som er den fyrste som får prisen, har ikkje berre gjort ein ueigennyttig innsats i Gloppen. Han har skapt sin eigen arbeidsplass og tent pengar på ideane og arbeidet sitt.

Utvalet meiner at det er nettopp det som gjev gode bygdesamfunn og god samfunnsutvikling: at folk får til god næringsutvikling av gode idear, og bidrar til å byggje fellesskapet. Og for å få til dette, treng vi sjølvsagt gode føreseielege rammer frå storsamfunnet og investeringslysten kapital, men kultur- og miljøutvalet meiner det er også viktig å gje heider til dei som fortener det.

I jobben som lege la Jesper merke til tidsbruken til legane på legekontoret, og han merka at det gjekk med mykje tid for han som lege å administrere timebetalinga frå pasientane. Han såg at det var mykje tid å spare på å automatisere betalinga og kom med ide om å utvikle ein automat.

Han hadde kontakt med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Innovasjon Noreg, og fekk etterkvart låneavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane, i tillegg til private investorar. Melin Medical har utvikla ein god ide til ei stor verksemd. Driftinntektene har gått ifrå 1 million kroner i 2011 til 70 million kroner i 2013. Om lag 75 % av legekontora og legevaktene i Noreg kjøper tenester hjå Melin Medical. Verksemda har over 40 tilsette, i overkant av 10 er tilsett her på Sandane. Verksemda brukar mykje ressursar til å utvikle nye idear som kan forenkle møtet mellom pasientar og legekontor.

Jesper Melin Ganc-Petersen starta med å etablere verksemda i Oslo, og kunne valt å halde fram med det. I staden har bedrifta bygd opp eit solid kontor på Sandane som gjev viktige lokale arbeidsplassar, viktig lokal kapital som igjen gjev grunnlag for ny knoppskyting og vidareutvikling av lokale verksemder, som Lumens AS. Han har heile tida vore flink til å utnytte lokale fordelar. Til dømes fekk vårt eige Legesenter utplassert den fyrste automaten og har heile vegen vore med på både prøving og feiling.

I det stille har fleire lokale tiltak fått viktig økonomisk støtte frå han og verksemda siste åra.