Anders Felde er Årets Gloppar 2015

Anders Felde frå Breim er tildelt heideren som Årets Gloppar 2015. Prisen vart overrekt på kommuestyret sitt møte den 22. februar av leiar i MULTEK-utvalet, Arnar Kvernevik.

- Årets prisvinnar er ei sann eldsjef i eldsjelkommunen Gloppen, sa MULTEK-leiaren ved utdelinga.

Vi gratulerer Anders Felde med prisen!

Klikk for stort bileteAnders Felde - Årets gloppar 2015 H. Dvergsdal, Firda Tidend

Her er MULTEK-leiaren si helsing til prisvinnaren:

I retningslinjene for eldsjelprisen ”Årets gloppar” står det at prisen skal gå til ein person eller fleire som har utøvd ein ueigennyttig innsats i Gloppen kommune. Prisen skal inspirere til vidare innsats og utvikling, og han skal også vere ei takk og ein heider til eit menneske eller fleire som har gjort ein stor innsats for å fremje gode samfunnsverdiar – som samhandling og trivsel, glede, helse, fellesskap, ærlegdom, solidaritet, lojalitet, engasjement og frivillig arbeid.

Administrasjonen og utdelinga av prisen er lagd til MULTEK-utvalet. Som leiar av utvalet vil eg for eiga rekning føye til at det å setje Gloppen ”på kartet” i saker av større regional og nasjonal betydning og må telje positivt.

Årets prismottaker er representant for ei svært aktuell næring som bare i Gloppen bidreg med over 300 årsverk og om lag 180 sysselsette i industri som er direkte avhengige av denne næringa.

I tillegg representerer prismottakaren ei næring som skal spele ei viktig rolle i det sokalla ”grøne skiftet”. Land- og skogbruk er - til liks med fiskeri, vatn og vindkraft - ei næring som kan bli 100 % fornybar. Som politikarar gløymer vi ofte råvareprodusentane når vi tenkjer på det ”grøne skiftet”.

Som leiar for ein fylkesdekkande interesseorganisasjon kan ein vel kanskje stille spørsmål om innsatsen til prisvinnaren er ueigennyttig, men ved nærare ettertanke vil ein forstå at landbruk og landbrukspolitikk går langt ut over bonden sine eigeninteresser. Prisvinnaren representerer aktørar som har ei heilt spesiell samfunnsoppgåve:  Å bidra til bærekraftig landbruk, mattryggleik, styrke beredskap og sjølvforsyningsgrad, auka verdiskaping og at vi skal ha landbruk over heile landet.

Prismottakar har over lang tid utøvd ein stor innsats for landbrukssaka både lokalt i Gloppen og i sitt verv som leiar for Bondelaget i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren har vore ein tydeleg og positiv profil i ei rekke saker knytt til landbruket og landbrukspolitikken.

I tillegg til innsatsen som bondelagsleiar har prisvinnaren bidrege til å bygge og skape skianlegget på Utvikfjellet; kanskje fylket sitt finaste utfartsområde?  Og pr dato er prisvinnaren leiar i skigruppa til Breimsbygda idrettslag. Ei sann eldsjel i eldsjelkommunen Gloppen!

Prisen for Årets gloppar består av eit diplom og eit bilete av Eikeseth Nygjerd Fotografi.