Ungdomens kulturpris

Ungdomsrådet i Gloppen ønskjer å sette fokus på unge kulturformidlarar i kommunen.
Ein gong i året delar vi ut «Ungdommens kulturpris» for å inspirere og verdsetje unge i kulturlivet i Gloppen.

Gloppen har eit kulturliv vi kan vere stolte av, og som ungdom i stor grad deltar i. Mange unge glopparar hevdar seg til dømes innan idrett og musikk, og mange bruker fritida si på ein aktivitet som er til glede og inspirasjon for andre.

Kven kan få prisen?

Kulturprisen kan gis til ungdom eller ungdomsgrupper under 20 år, som høyrer heime i Gloppen og har vist vedvarande evne og vilje til aktiv kulturinnsats. Prisen kan også gis til ungdom som bur i Gloppen midlertidig, til dømes hybelbuarar, som har markert seg positivt i kulturmiljøet her.

Forslag til prisvinnarar?

Frist for å føreslå kven som skal få prisen er 1. november kvart år. Send grunngjeve forslag til post@gloppen.kommune.no og skriv «ungdommens kulturpris» i emnefeltet.

Retningslinjer for ungdomens kulturpris


Sjå oversikta over tidlegare unge kulturprisvinnarar

År Prisvinnar
2021 Mathea Svalheim og Beatrice Juskaite
2020 Simon Austrheim
2019 Frida Bjørnereim
2018 Jon Rolf Skarmo Hope
2017 Emilie Larsen Evebø
2016 Gloppen kulturskule sitt slagverkensemble
2015 Ingrid og Maria Ose
2014 Sondre Utheim og Iver Heen Ask
2013 Markus Bjørereim
2012 Tiril Seppola Reed
2011 Jens Kristian Andenæs og Ørjan Nilsen Midthjell
2010 Rune Støyva
2009 Olianne Randi, Marita Elise og Norhild Holme
2008 Trygve Henden Gaasø og Camilla Hole
2007 Trude Raad
2006 Mariel Eikeset Mundal
2005 Benedicte Aa