Ung Kultur Møtes - UKM

Kulturetaten i Gloppen og Ungdomsrådet i kommunen arrangerer kvart år den lokale UKM mønstringa i løpet av januar - mars.

UKM Gloppen 2021 blir den 7. mai i Trivselshagen!

Er du frå 11 - 19 år er du velkomen til å delta. 

Frå dei som har vore med tidlegare, har vi berre motteke positive tilbakemeldingar om at dei har hatt ei kjekk oppleving, og at dei har lyst å vere med også til neste år.


UKM skal ikkje berre vere ei musikkmønstring, slik mange trur den skal vere. Vi vil ha med ei så brei dekning av ungdomskulturaktivitetane som råd, og då tenkjer vi både på artige sketsjar med unge talentfulle skodespelarar, dansarar, malarar, teiknarar, datakunst eller personar som på ein eller annan måte lagar ting eller skapar kultur på anna vis.

Ta kontakt med Bjarne Iestra, Gloppen ungdomsskule på e-post

Meir info om UKM kan du finne på eigne nettsider

UKM logo u/årstal