Musikkbingen

Musikkbingen i Gloppen er plassert mellom Trivselshagen og Gloppen ungdomsskule. Bingen er eigd av Gloppen kommune og vert administrert av kulturhusleiar.

Musikkbingen inneheld trommesett, songanlegg, gitar, bass, forsterkar og keyboard.

Prioritert aldersgruppe er: Ungdom og band med medlemmer frå 13 - 19 år.

All bruk av bingen på eiga hand krev medlemskap.

Du må søkje på vedlagte søknadsskjema, og gjere deg godt kjent med binge-reglane. Signatur frå føresette er naudsynt for alle under 18 år. Søknadsskjemaet leverer du på heradshuset eller på biblioteket.

Fri tilgang på nøkkel, og skriftleg kontrakt:   0,- ( Gratis)

Vaksne over 19 år avtalar pris direkte med kulturhusleiar.

Opningstider

Musikkbingen  er disponibel for ungdom frå kl. 14.00 – 21.00 på kvardagar og 12.00  - 17.00 i helgar.

Nøkkel kan hentast på biblioteket, i biblioteket sine opningstider. Når kontrakt er signert og levert, vil du kunne nytte lånekortet ditt til å få utlevert nøkkelen. Nøkkelen skal leverast inn igjen same kveld, enten til personalet på biblioteket, eller i bokkassa.

Reglar

  • Alle må alle ta av skoa i gangen for å lette på reinhaldet.
  • Mat og drikke utanom vatn, er ikkje tillate i musikkbingen.
  • Evt.. boss skal tas med heim, vi har ikkje bossbytte!
  • Musikkbingen er ein røykfri og rusfri stad, dette gjeld også utanfor!
  • Alle skal rydde låse og gå frå lokalet i den stand ein sjølv ynskjer å finne det.
  • Lever nøkkelen tilbake etter øvingsøkt!

Elles

  • Det bør brukast øyreproppar under øving
  • Har du vore uheldig og øydelagt noko,  så send melding til Ola Tarjei Kroken tlf. 913 36 862 eller Bjarne Iestra på tlf. 905 35 170
  • Uforvarleg bruk, dvs bruk som medfører skade eller stor slitasje på utstyret, medfører erstatningsansvar.

     

    Musikkbingen er ei gåve til unge musikarar – det er ditt ansvar å ta vare på den!