Velkommen til BUA Gloppen

BUA Gloppen finn du i lokale på baksida av Trivselshagen Bad og Idrett. Det er godt merka så det skal vere lett å finne fram.  Bua har same opningsider som Trivselshagen og du må vende deg til resepsjonen for å låne nøkkel

Her vil du finne mykje forskjellig frilufts og fritidsutstyr som du kan låne heilt gratis i inntil ei veke om gongen!

  

  Sommarutstyr i BUA Gloppen Birte Fossheim  

BUA Gloppen er sjølvbetjent. Og du må vere registrert som BUA-brukar før du kan låne utstyr.

Registrer deg som brukar her  

Born under 18 år må vere registrert som «medlånetakar» på ein føresett sin brukar. Då kan born komme og låne utstyr sjølv i BUA med sin eigen mobiltelefon . Sjå korleis lage låneprofil.

Last ned BUA-appen på mobilen

Sidan BUA Gloppen er sjølvbetjent, må du ha lasta ned BUA sjølvbetjeningsappen på mobilen din. 
Første gang du loggar inn blir du bedt om verifikasjon. Ta med deg gyldig legitimasjon første gang du er i Trivselshallen og skal låne utstyr, så blir du verifisert som brukar her. 

Link til app:  Android  -  Iphone 

Lån nøkkel og finn utstyr

Når du har verifisert din brukarkonto, får du låne nøkkel i resepsjonen i Trivselshagen Bad- og Idrett. Du låser deg inn i BUA, og scanner QR-koden som er festa på utstyret du vil låne med mobilen din.

Etter at du har fått med deg alt utstyr du vil låne, leverer du nøkkelen tilbake i resepsjonen. Du kan låne utstyret inntil 1 veke. 

Kva finn du i BUA?

Sjå oversikt over utstyr i BUA Gloppen

Saknar du noko? - send inn forslag til oss her - 

VI kjøper inn nytt utstyr etter kvart som vi har midlar til det. 

Folkehelse og miljø

BUA Gloppen er eit positivt folkehelsetiltak der born og unge får testa ulike aktivitetstypar utan at dei treng å kjøpe utstyret. Det bidreg til å redusere forskjellar – her kan alle låne! Det er også eit viktig miljøtiltak der vi reduserer forbruk av utstyr som ein fort veks i frå eller som blir brukt sjeldan.

 

Vi ønskjer deg velkommen som brukar i BUA Gloppen

 

Følg gjerne BUA på Facebook! 

Siv K H  

Siv K H