Spelemidlar

Idrettslag m.fl. kan søkje om spelemidlar til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet som er opne for allmenn bruk.

  • Anlegg for idrett og friluftsliv kan få tildelt 1/3 av godkjent totalkostnad. 
  • Nærmiljøanlegg kan få tildelt 1/2 av godkjent kostnad.

Maksimal tildeling varierer ut i frå type anlegg. Meir informasjon om ulike anlegg: Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 

Det er som regel fleire års ventetid på tildeling av spelemidlar, men også dette kan variere etter type anlegg.

Søknadsfrist

Fristen for søknader er 15. oktober. Om de ser at de ikkje rekk fristen, ber vi om at de tek kontakt i god tid og melder at ein søknad er på veg. Dei som har søkt tidlegare og ventar på tildeling, må fornye søknaden kvart år

Kommunal plan

Alle anlegg må vere med i gjeldande handlingsprogram i Kommunal plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Dette blir vedteke i kommunestyret på desembermøtet kvart år. Det er ikkje lenger krav om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning frå kommunen for å kunne søke om spelemidlar. Vi anbefaler likevel søkarar om å orienterere kommunen når de startar arbeidet med nye prosjekt. Dette er viktig for å sikre at prosjekta er innanfor rammene for spelemiddelordninga, og kunne gjere eventuelle justeringar i tide.

Søknad

Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema frå sida anleggsregisteret

Gå til anleggsregisteret

Spørsmål?

Spørsmål om spelemidlar kan rettast til folkehelserådgjevar Åslaug Haugset

e-post: aslaug.haugset@gloppen.kommune.no eller
telefon: 91 00 61 82 (tys, tors og fredag)